ANBEFALING: Haukeliseter er ei av anbefalingane til turleiar og podkastgjest Trude Havik
ANBEFALING: Haukeliseter er ei av anbefalingane til turleiar og podkastgjest Trude Havik

TURSOMMER: Barn på tur

Legg opp turen etter det bornet ditt likar, ta deg god tid og inviter gjerne med ein ven, seier turleiar og podkast-gjest Trude Havik i Tursommer

Publisert   Sist oppdatert

Trude Havik har hatt med dottera si Anna-Thea (16) på turar frå ho var baby. Saman har dei utforska ulike deler av landet, fått testa både uthald og samarbeid og blitt betre kjend med kvarandre.

TUREKSPERT: Trude Havik og dottera Anna-Thea.
TUREKSPERT: Trude Havik og dottera Anna-Thea.

Gjer det enkelt

Eitt av dei fremste tipsa frå Havik for å koma i gang og få inspirasjon, er å sjå kva lokale Barnas Turlag – grupper arrangerer. Dei inviterer til turar over heile landet kvar veke. Finn fram turar i området du skal reisa til i sommar, følg turskildringa og gå turen på eiga hand når det passar. Eit universelt råd for alle turar ein legg ut på med born er å senka ambisjonane og å ta seg god tid.

Planlegg ein tur som ikkje er så krevande i utgangspunktet. Du kan gå heimefrå med telt eller hengekøye og nyta det, eller du kan reisa til ei hytte, ha det som ein base og ta små turar derfrå. På den måten får de betre tid og de finn de roen ved de slepp flytta dykk vidare frå dag til dag.

Ho oppfordrer også til å la seg inspirera av andre, men samtidig ikkje la seg blenda av bileta som vert lagt ut på sosiale media.

Tursommer

  • Tursommer er en podkast laget av DNT
  • Tilgjengelig alle steder du vanligvis hører podkast
  • Nye episoder hver torsdag mellom mai og juli
  • Episoden om skjulte perler, hører du her.
  • Episoden om Lofoten, hører du her
  • Episoden om kajakkturer i Norge, hører du her.
  • Episoden om sykkelturer i Norge, hører du her
  • Episoden med tips om baseferie i Norge, hører du her.
  • Arne Hjeltnes sine turtips finner du her.

Om ein følger med på andre kan turane dei tek og det dei gjer virka så stort, det kan fort bli ein konkurranse. Det viktigaste er at ungane dine skal bli glad i å vera på tur, i naturen, setja pris på den og dermed bli glad i den. Det å vera på tur så mykje meir enn å gå langt og høgt, seier Havik.

Dei trøblete turane

Det er ikkje mykje utstyr som trengs for ein tur med born. Men gode sko er viktig å prioritera:

Eg ser ein del gonger at vaksne har godt utstyr og sko, medan borna ikkje har det. Dårlege sko kan øydelegga ein tur, og har du hatt gnagsår, veit du at om du får det, er det lite anna som betyr noko. Pass på at skoa passar og ha med ekstra sko i sekken, joggesko er noko av det beste om du ikkje skal gå lange fjellturar.

Vert det stopp undervegs av manglande motivasjon er det igjen å ta seg tid som gjeld:

Me som foreldre må tola at borna våre grin og er lei. Hugs å ha med det gode i sekken, ta eitt steg om gongen og få fokuset over på noko anna enn stien ein går på.

Det er slik at det er dei turane som kosta litt ein hugsar, når det har vore litt trøblete. Då kjenne borna ei vanvittig glede og mestring. Ingen har vondt av å bryna seg litt!

Trude sine beste turtips:

Hardangervidda : Midt mellom øst og vest, sør på Hardangervidda kjem du deg til Haukeliseter med bil eller buss. Her kan de leiga kajakk, kano, robåt og bada i det kalde fjellvatnet ved hytta. Er borna turvante og fra 5-6 år kan du gå til toppen av Kista, ein topp de kan sjå frå vindauget når de et frukost. Om de leiger båt og ror over vatnet kortar det ned turen. Vesle Nup er litt lengre tur, men eit godt alternativ. Om de er klar for eit eventyr kan de køyra litt austover frå hytta, gå eit lite stykke frå vegen og utforska Hermodshola. Mørkt, trangt og spennande! Hugs å ta med lommelykt.

Trollheimen: Etter fem lettgåtte kilometer på seterveg er du ved Jøldalshytta. Denne turen passar alle born, og er fin med barnevogn. Å ha denne hytta som base for små og litt større born er midt i blinken. Her kan de gå lange og korte turar eller berre vera på hytta og leika, fiska eller låna kano eller båt. De kjem også tett på sæterdrift innover Svartådalen.

NYÅPNA: Bakken Gård er eit fint utgangspunkt for turar.
NYÅPNA: Bakken Gård er eit fint utgangspunkt for turar.

Ryfylkeheiene: Den betjente hytta Stranddalen ligg praktfullt til og er eit eldorado for leik. Turen inn passar for alle aldrar og den er ikkje lengre enn at borna kan bærast inn i bæremeis.

Ta båten inn til nyoppussa og nyåpna Bakken gard i Lysefjorden og ha den som eit utgangspunkt for turar. Om du har store born som er fjellvande, kan de gå derfrå til Kjerag.

Finn fram teltet og prøv det i frodige Røssdalen. Dette er ein fin ettermiddagstur og den passar for alle. Grusveg og litt steinar å klyva på undervegs, så foreldre er gode som hjelp for dei minste.

Om du vil oppleva Lysefjorden kan du gå fleire andre turar enn berre Preikestolen. Du kan ta med tuvante barn rundt 6-7 år og gå til Hatten og få mykje av samme utsikten. Moslifjlellet gir òg fantastisk utsikt.

Tromsø: Bak Ishavskatedralen ligg Sherpatrappa. Her skal de opp rundt 400 høydemeter og 1300 trinn r før de når Fjellheisen. Om du har små barn kan du òg ta heisen opp. Det er fine grassletter for leik og ein vanvittig flott utsikt over byen. Ta lunsjen på Steinbøhytta, ein halvtime å gå i lett terreng. Der klare dei aller minste ungane å vera med.

Jotunheimen: Jotunheimen er flott, men meir slitsomt å gå for born fordi det er mykje stein. Klassikeren Galdhøpiggen er fin å ta med turvante og motiverte born frå 7 -årsalderen på. 7 år er også aldersgrensa for å få bli med i taulag over breen. Det er spennande med breføring frå Juvasshytta og kjekt å plutseleg vera på tur med andre i taulag over breen.

Kul tur - enkel turmorro i sommar

  • Kul Tur er en ny app for born mellom 4 og 12 år som gjer det endå kjekkare å vera på tur. Her registrerer borna turaktivitet og turlengde, og samlar poeng kvar gang ein er ute.
  • Aktivitetane i appen har ulik vanskegrad. Du får mellom anna poeng for å klatra i tre, plukka søppel, eta mat ute, laga barkebåt, overnatte i telt og sjonglere med kongler når du er på tur.
  • Når ein har fått nok poeng til å koma til toppen av fjellet på oppsummeringsbrettet, kan ein vinne ei turoverrasking frå Barnas Turlag.
  • Appen vart lansert i slutten av mai, og allerede har godt over 2500 personer lastet den ned.
  • Kul Tur er førebels kun tilgjengeleg for iPhone og kan lastast ned i AppStore.