<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Friluftsgeneral Dag Terje Klarp Solvang og helse- og omsorgsminister Bent Høie feirar kjærleiken og fridomen der han er aller størst: 2089 meter over havet.</span>
Friluftsgeneral Dag Terje Klarp Solvang og helse- og omsorgsminister Bent Høie feirar kjærleiken og fridomen der han er aller størst: 2089 meter over havet.

Happy Pride!

50 år etter at Pride starta i New York, nådde røyrsla toppen av Tverrådalskyrkja.

Publisert Sist oppdatert

Idet vi tuslar inn på setertunet Sota Sæter, lener dei århundregamle tømmerhusa seg mot oss. Skeive, inkluderande og fulle av levd liv – nett som deltakarane på historia si aller fyrste utgåve av Fjellpride.

FJELLPRIDE

Sidan tidleg 1980-tal har pridefeiringane

sette sitt preg på norske byar og tettstadar. Fjellpride på Sota Sæter feirar

mangfaldet og friluftslivet med mellom anna verdas høgaste prideparade. Neste Fjellpride blir arrangert 8.-11.juli.

Eit døgn seinare skal diskolysa svøpe dei solsvidde seterveggane i liberale regnboger, fire urbane DJ-ar vugge fjellheimen i «deep house», Lars Monsen sitt turfølgje utagere på bordet, og hetero- og homofile danse limbo i vakkert mangfald. Sjølv sakrale Tverrådalskyrkja (2088 moh.) nikkar stolt til feiringa. Aldri har høgfjellet opplevd liknande dyrking av livet, kjærleiken – og friluftslivet. Happy Pride!

Brudeburet

– Det ligg ein naken mann der inne! utbryt turfølgje Marius Stenbakk og skvett attende over dørstokken.

Utsikta til å sova burt sumarnatta er brutalt fortrengt. To romnøklar har vi fått tildelt, to gonger har vi blitt støkt av sovande pridedeltakarar med og utan klede. Til slutt gir resepsjonisten på Sota opp, rekk oss ein solid smijernsnøkkel, og takkar av med nattynskjet «i brudeburet er dykk garantert for dykk sjølve».

Slik gjekk det til at to heterofile menn grytidleg neste morgon vaknar i ei toetasjes dobbeltseng, framfor ein svulstig klebersteinspeis, krinsa av eit scenario meir overdådig enn nokon Melodi Grand Prix. Vi er klare for historia sin aller fyrste Fjellpride.

Til topps for mangfaldet

– Alle på plass? Då går vi til Kyrkja! lyd marsjordren frå guide Mathias.

Gjennom den eventyrlege fjellfuruskogen opp frå Sota Sæter ruslar følgjet av homofile og transpersonar, heterofile og bifile, introverte og ekstroverte, helseminister og generalsekretær. Ein meir fargerik fellestur kjem DNT neppe til å arrangere før Dovre fell. I høve Fjellpride er legendariske raude T-ar erstatta av mangfaldet sine regnbogefargar, straight DNT-fellestur døypt om til skeiv parade. Turmål: Tverrådalskyrkja (2088 moh.) – høgfjellet sitt eiga gudshus, med høgt nok tak til at alle kan kjenne seg heime.

Framleis i tvil om at tru kan flytte fjell?

Då var du ikkje i Breheimen under historia sin fyrste Fjellpride.

Fri i fjellet

– Ein kveld etter at ungane var i seng, satt kona og eg og snakka om kva vi kunne gjere som ingen andre gjer for å skape ein happening på Sota, seier hyttevert Ove Lilleengen.

Sota har i fleire tiår vore eit ynda vaffelfat for pensjonistar og småbarnsfamiliar. Då det nye vertskapet Silje og Ove Lilleengen i fjor rykka inn, var det med nye idear, ungdommeleg pågangsmot, småungar og permanent flyttemelding. Med på lasset fulgte raftingpadlarar, hipsterar, brevandrarar, toppsankarar, matelskarar og ein ny generasjon frelste Sota-vener. Ideen om Fjellpride innebar likevel eit sjumilssteg inn i ukjend terreng.

– Her på Sota er mottoet vårt «I fjellet er du fri», det er slett inga sjølvfølge for mange i dag, fortel Lilleengen.

– Vi kom i snakk om at den nye generalsekretæren i DNT er homofil, at 2019 er DNT sitt inkluderingsår – og at mangfald og kjærleik er verdt ei skikkeleg feiring òg i steinrøysa.

Dermed vart Oslo Pride, Bygdepride og DNTs pridelue bokstaveleg talt toppa av Fjellpride – med den høgste parada i verda.

Silje-Håvard

Fritenkjarar har til alle tider søkt og funne fridom i fjellheimen. At transperson Silje-Håvard Bolstad no fører tradisjonen vidare, var aldri nokon sjølvfølgje. Ei heller at venninna Mona Klubb skulle bære fjellsekken og friluftsarven gjennom Breheimen. Det umake paret fann tona, venskapet og felles fascinasjon for friluftslivet i lag med Lars Monsen under NRK sine saktesendingar frå DNTs jubileumsturar sist sumar.

Det eg liker best med friluftslivet, er at eg koplar av. Naturen gjer òg at eg får eit godt forhold til kroppen min og blir glad i han. Det er kroppen min, saman med litt tankekraft, som gjer at eg kjem meg til toppen, reflekterar Silje-Håvard.

<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Det er framleis ein veg å gå. – Svært mange er ikkje trygge nok på seg sjølv og eiga legning til å ta turen til Sota Sæter og prideparade, konstaterer transperson og psykolog Silje-Håvard Bolstad.</span>
Det er framleis ein veg å gå. – Svært mange er ikkje trygge nok på seg sjølv og eiga legning til å ta turen til Sota Sæter og prideparade, konstaterer transperson og psykolog Silje-Håvard Bolstad.

No visar ein annan frontfigur veg opp gjennom steinrøysa i Breheimen. DNTs generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang hadde knapt vorte varm i brynjetrøya før han innførte regnbogefarga lue som representasjonsplagg. Nasjonens øvste turleiar lev i eit homofilt forhold med helseminister Bent Høie – og frontar no altså historia sin fyrste Fjellpride. Engasjement skortar det ikkje på, korkje for friluftsliv, samfunnsliv – eller intimhygiene:

– Av all sjølvpåført smerte kjem voksing høgt på lista mi, konstaterer generalsekretæren i fyrste rastepause.

– Sååå typisk mann. Bit smerta i deg, voksing gjer mindre vondt når du har gjort det mykje, kontrar ei kvinne i turfølgjet.

– Laserbehandling er eit ypparleg alternativ, slår Mona Klubb fast med eit ørlite atterhald:

– Funkar best på mørke hår.

Happy pride!

1969 var året då gjestane på den skeive utestaden Stonewall i New York gjorde opprør mot at politiet handsama homofile og transpersonar som kriminelle bandittar. Sidan har Pride-paradar vorte skipa verda over for å markere opprøret, i den lange kampen for aksept og rettigheter for alle verdas skeive.

50 år etter Stonewall og ein time før sola klatrar opp på sitt høgste punkt på himmelen, set den fyrste prideparada i norsk snaufjell fjellstøvlane på Fortundalsbreen. Lær, tau og sele, fabulerar du? Den som ventar bondage på breen, blir skuffa, deltakarane i denne prideparada er til forveksling lik fjellfolk flest. Held seg trygt i brekanten. Nyttar kikkert og GPS. Namedroppar Jotunheimens stortoppar.

Fyrst snaue seks timar etter avmarsj – i det verdas høgaste prideparade når den sylkvasse toppeggen på Tverrådalskyrkja – tek stoltheita og mangfaldet overhand.

– Gje meg ein «H – O – M – O! Homo! Homo! Homo!» gjallar det frå Breheimen sitt kyrkjetak.

Så klimakset:
– Happy pride!

Liberal limbo

Viltre fjellelver, kvite isbrear, grøne lier, blå himmel, ei glødande sol og nye venskap på tvers av alder, kjønn og legning: Vakrare kan umogleg fjellheimen bli. I det den oppstemte og dehydrerte prideparada 11 timar etter avmarsj stolt svingar inn på tunet på Sota Sæter, blir dei møtt av rungande applaus frå by- og bygdefolk, heterofile og homofile i skjønn forening.

– Dykk skaper historie – og dykk bryt ned barrierar, gratulerar Dag Terje Klarp Solvang frå scena på regnbogepynta Sota, før ektemann og helseminister Bent Høie overtek:

– Det er sjølvsagt særs sunt å gå 11 timar på fjelltur, men det som er enno sunnare, er å vere seg sjølv over tid. Derfor er det så utruleg viktig at dykk er med på å feire og markere Pride. Feiringa bidreg til å skape eit samfunn der einkvan får moglegheit til å vere seg sjølv.

<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Mona Klubb dreg i gang folkedans på pride-vis.</span>
Mona Klubb dreg i gang folkedans på pride-vis.

Fargerik feiring

På grillen surrar stuttreist høgrygg så mør at tårene trillar, frå eit imponerande lys- og lydanlegg pumpar feelgood over setertunet, lenger nede på tunet går praten lett, oppå langbordet er det dans, og Dag Terje Klarp Solvang let seg sporty utfordre i limbo av ein skeiv landbrukssjef med langt lågare tyngdepunkt. Oppi all livs- og turgleda er generalsekretæren, helseministeren og andre stolte deltakarar likevel klar på at priderøyrsla fortsatt har ein lang veg å gå i kampen for mangfald, stoltheit og aksept.

– Svært mange er ikkje trygge nok på seg sjølv og eiga legning til å ta turen til Sota Sæter og prideparade, konstaterer transperson og psykolog Silje-Håvard Bolstad.

Med fornamn frå både jentekjønn og guttekjønn jobbar Bolstad i dag som psykolog på ein helsestasjon for å gje vegleiing til unge om kjønn og seksualitet. Sjølv i liberale Noreg har transpersonar framleis ein lang veg å gå for å få aksept for eiga identitet. Flott då, at småbarnsfar Ove Lilleengen omfamnar mangfaldet og slår hyttedørene på Sota på vidt gap:

– For ei aldeles eventyrleg helg! Etter denne oppturen treng vi inga betenkingstid: Neste sumar er både transpersonar, homofile og heterofile velkomne attende til ny Fjellpride!

Idet vi tumlar mot brudeburet for ei kort natt i djup søvn, nikkar sjølvaste Tverrådalskyrkja oss storslått og stolt i seng. Sett her frå tunet på Sota Sæter ser ho då faktisk litt skeiv ut?

Denne saka stod først på trykk i DNTs årbok for 2019.