Rundt 60 000 besøker Besseggen på sommaren.

Om vinteren? Kanskje 100.

Åleine på Besseggen

Det populære turmålet byr på vel så spektakulære opplevingar utanfor høgsesong.

Publisert Sist oppdatert

– Sjogg betyr snø for dei som måtte vere usikre, seier Knut-Erik Tessnes på triveleg Vågå-dialekt.

Tessnes, eller Tesso, som dei fleste kallar han, er guiden vår for dagen og fortel om ruta vi skal gå. Gruppa på fem ordnar med ski og støvlar.

Men sjoggen er det merkverdig lite av denne laurdagen i slutten av mars. Vinden har herja i Jotunheimen dei siste dagane. Blåst vekk det vesle som var av nysnø og lagt hard skare igjen. Det var full storm på Besseggen i går.

Framleis bles det friskt og yr spår 14-15 m/s på det meste.

– Det er jo slik at ein aldri heilt veit kor langt ein kjem, seier guiden og førebur oss på at det ikkje vil vere noko skam om vi må snu.

Har gått Besseggen 25 gonger

Besseggen er populær. Svært populær. I fjor sommar og haust frakta Gjendebåtane over 60 000 passasjerar til Memurubu, flesteparten var med for å gå den 14 km lange turen over eggen og Veslefjellet. No ligg båtane fryst inn ved kaia på Gjendesheim. Høgsesongen er over. For lengst.

I staden for å ta plass i båten, spenner vi på oss skia ved Bessheim og går mot Bessvatnet. Vi må svinge oss opp mellom bare flekkar av lyng og stein. Nokre går på fjellski, andre på randonnee.

Alle i gruppa har vore på Besseggen tidlegare (utanom underteikna). Og éin er betre kjend med eggen enn dei fleste.

– Besseggen har vore fast innslag gjennom oppveksten. Eg trur eg har gått den rundt 25 gonger, fortel Geir Harald Lervik.

Han er også den einaste som har prøvd vinterturen tidlegare.
– I fjor gjekk eg med randoutstyr. I år ville eg prøve med fjellski.

Turen over Bessvatnet er oppvarminga før sjølve eggen.

Geir Harald Lervik går vintertur over Besseggen for andre gong.

Eksklusivt

Hordar av folk frå alle verdas krokar går og kryp og spring over Besseggen sommarstid. Er det i heile vanleg å ta fatt på den populære eggen medan Kong Vinter regjerer?

– Lokale folk har gått over Besseggen på fjellski i fleire tiår, fortel Ørjan Venås, dagleg leiar i Gjendeguiden.

For to år sidan starta Gjendeguiden opp tilbodet om guida tur, blant anna i samarbeid med DNT-hytta Gjendesheim.

– Vi starta med dette tilbodet fordi vi ønskte å utnytte potensialet som ligg i Besseggen vinterstid, og ikkje minst ta folk med på ein spektakulær tur. Det er ca. 60 000 som går om sommaren, men kanskje mindre enn 100 på vinteren. Så det er litt meir eksklusivt.

– Vi merkar at dette er eit tilbod som fleire ynskjer å være med på, og kanskje spesielt på fjellski.

Venås er heller ikkje framand for å anbefale folk å turen utan guide, så lenge du veit kva du driv med.

– Det er i likskap med sommarturen over Besseggen, ingen problem å gå turen på eigenhand.

Men ein bør sjølvsagt sørge for å pakke nødvendig utstyr, samt kunne bruke dette, og ikkje minst ha vore ute ein vinterdag på ski tidlegare.

Han anbefalar å gå turen i perioden februar-april.

– Då er det snø og opne hytter i nærleiken. November til januar er korte dagar, variabelt med snø og usikkert når isen legg seg på Bessvatnet. Mai er utfordrande med tanke på overvatn, is og gjennomslagsføre. Eg synes april er finaste tida, for då er dagane lengre og sola varmar mykje meir, fortel Venås.

Lokale folk har gått over Besseggen på fjellski i fleire tiår.

Ørjan Venås, dagleg leiar i Gjendeguiden

Perfekte forhold

Turen over Bessvatnet går i motvind, men likevel i godt tempo på det raske føret.

– Det er godt å lange ut litt etter bakken, seier Tesso.

I tillegg til å vere guide i Gjendeguiden, arbeider Knut-Erik Tessnes som leirskuleleiar. Han er derfor ikkje spesielt oppteken av å kome raskt fram og er i det heile svært roleg og tolmodig.

– Eg er van med å ha ein gjeng 14-åringar på slep, seier han blidt.

Han er også blant dei første som utdannar seg til å bli ski-rettleiar hos Nortind. Denne delen av Jotunheimen kjenner han godt, men Besseggen sommarstid har gjerne ikkje vore eit ettertrakta turmål.

– Eg hadde vel eit par-tre «pliktturar» i oppveksten. Når du bur ein stad kor det er eit sånt supertrafikkert turmål, er det gjerne ikkje der ein er mest. Eg er mest ein vinterkar.

Vi skimtar ei gruppe på veg opp mot Besshøe. Tåka kryp stadig lenger ned langs det 2258 meter høge fjellet. Snart vil også Besseggen vere inntulla i kvitt.

Etter ein matpause langs breidda av vatnet, står vi endeleg ved foten av eggen.

Skia er festa på sekken. Tesso lagar trappetrinn i den hardpakka snøen, og vi følgjer etter.

– Det er perfekte forhold, seier han. Det er faktisk enklare å gå opp no enn når det er sleipt og vått på sommaren.

Vi ser ikkje stort til verken utsikt eller folk. Men det er tross alt ikkje alle forunnt å vere åleine på Besseggen.

Besseggenpatruljen

KLYVING: Det brattaste partiet set større krav til koordinasjon og høgdemeistring, men tørr stein og snø gjer jobben enklare og tryggare.
KLYVING: Det brattaste partiet set større krav til koordinasjon og høgdemeistring, men tørr stein og snø gjer jobben enklare og tryggare.

Det brattaste partiet set større krav til koordinasjon og høgdemeistring.

Tørr stein og snø gjer turen enklare og tryggare.

Mot toppen av eggen forsvinn plutseleg tåka.

I motsetnad til på vinteren, har trafikken på sommaren vore stor lenge, og auken dei siste åra har vore markant. Utviklinga har ført med seg aukande slitasje på stien, søppel og fleire unødvendige redningsaksjonar. Det var behov for tiltak.

På initiativ frå 20 lokale reiselivsaktørar og dei to kommunane Vågå og Øystre Slidre, blei Besseggenpatruljen oppretta i 2017. Gjendeguiden fekk ansvaret for å gjennomføre tenesta og Tesso har blitt godt kjend med eggen i samband med patruljearbeidet.

– Vi tek siste båt til Memurubu og får oversikt over kven som er igjen på eggen, slik at Røde Kors og turisthyttene slepp å gå på nåler og vente. Vi ringer også inn til AMK og politiet kvar gong vi går, då kan dei kontakte oss om dei får telefonar frå folk på eggen. Vi har kort responstid, sidan vi er i området.

Patruljen har med seg utstyr til å behandle eventuelle skadar fram til meir hjelp kjem. I tillegg plukkar dei søppel og gjev gode råd, til dømes om alternativ rute langs Bessvatnet for dei som merkar at det blir for krevjande.

Truleg bidrog patruljen til at 17-18 leiteaksjonar vart unngått i 2018 og 14 i 2019. Det var totalt 23 redningsaksjonar sommaren 2019, kor 8 blei utført av Besseggenpatruljen. Og det er ikkje berre uerfarne turistar som hamnar i trøbbel, fleire nordmenn tek litt lett på det når dei skal pakke sekken.

– Det oppstår som regel snøvêr på Besseggen samtlege månader i året. Då er ikkje treningstights og ei rumpetaske å anbefale.

Utsikt

Om turen

Ruta: Bessheim–Bessvatnet–Besseggen–Veslefjellet–nedkøyring der det er best forhold.
Lengde: I underkant av 20 km, ca. 1000 høgdemeter.

Varigheit: 8-9 timar.

Utstyr: Isøks, stegjern og tau er ikkje nødvendig

Næraste hytter: Gjendesheim (DNT) og Bessheim (privat)

NB: Har du høgdeskrekk så bør du ta turen om sommaren, før du vurderer å melde deg på vinterturen.

Meir info: gjendeguiden.no og gjendesheim.dnt.no

Vi er heldigvis betre kledd og står etter kvart i botnen av det brattaste partiet på eggen. Det snør, det bles og framleis vil ikkje tåka vise oss meir enn høgst nødvendig. No må det klyving til, og med ski på sekken, stavar i henda og stive sko, blir det hakket meir krevjande.

– Ta det roleg og gå korte, kontrollerte steg, seier Tesso.

Den avblåste steinen er heldigvis tørr, og gummien under skoa sit overraskande godt. Det er ein konsentrert gjeng som beveger seg sakte, men sikkert oppover.

– Sjå! seier Tone Bere, ei av deltakarane i gruppa, og peikar mot Knutshøe, som brått har kome til syne på andre sida av Gjendevatnet.

Berre i løpet av nokre sekund har vinden blåst tåka vekk, og vi kjenner den milde varmen frå sola. Sjølv om vi har sett det mange gonger før, på Instagram, på veggen på Gjendesheim, eller i levande live sommartid, er det så klart vedunderleg å endeleg få sjå dette landskapet som opnar seg.

Eggen. Bessvatnet på den eine sida, Gjende på den andre. Alle fjella som strekk seg innover i mektige Jotunheimen.

Denne gongen kledd i kvitt.

– Dette er jo mykje betre enn å gå i klarvêr heile dagen, konstaterer gruppa, før det igjen tettar seg til mot toppen av eggen.

Oppe på Veslefjellet kan skia spennast på igjen. No ventar nedkøyring mot Bessvatnet.

Powered by Labrador CMS