Logo
Til DNT.no forside
Bladet og Molladalen.

Ikonet i Molladalen

Det er ikkje spesielt høgt, sagnomsust eller vakkert. Tindenåla i Molladalen er likevel noko for seg sjølv.

Publisert: 10. september 2021
Skrevet av: Line Hårklau
Inspirasjon

– Eg trur ikkje vi treng klatresko, seier venninna mi Åse.

Vi står på parkeringsplassen i Barstaddalen i Ørsta. I sol og tidleg haust. Klare for Molladalen. Kanskje ein tur på Jønshornet, Randers topp, Mohns topp. Men øvst på lista står Bladet. Ein liten pinnakkel, eller lat oss bruke det mykje vakrare namnet: tindenål. Plassert ca. 1300 moh. med upåklageleg utsikt til Hjørundfjorden.

Annonse:

For å trone på sjølve nålespissen må du klatre. Denne delen utgjer kanskje 1 prosent i høgdemeter, men 90 prosent av motivasjonen for å reise hit. Sjølve klatrebragden er likevel ikkje noko å skrive heim om. Klatregrad 4. Innandørs er 4 easy peasy for dei aller fleste. Utandørs kan skjelven kome på flatmark.

Likevel landar vi på at terrengskoa våre er nok. Ikkje at klatreskoa er så frykteleg tunge, eller tar så mykje plass. Men det er så lettvint å late dei ligge i bilen når sekkane er fulle med alt anna pikkpakk. Som Toro-lappar, yatzy og Pepsi Max.

Slike viktige ting.

Bladet i Molladalen

  • ADKOMST: Ta av E39 ved Barstadvika og følg vegen inn Barstaddalen til p-plassen ved Melbøsætra/Barstadsætra. Kollektivtransport med Timeekspressen mellom Volda/Ørsta og Ålesund.
  • RUTE: Følg merka rute langs Molladalselva, vidare bratt opp mellom Nyfjellet og Svinetind, til Storevatnet. Følg Mohnsrenna for å kome til Bladet.
  • LENGDE: 15 km t/r (Bladet).
  • MERK: Du treng eit kilesett og slynger, i tillegg til standard klatreutstyr, og å kunne bruke det. Fleire aktørar kan leie deg trygt til toppen: sunnmore.dnt.no, hvitblikk.com, breogfjell.no, hjorundfjordmountainguide.no

Molladalen

«Molladalen, som først i den senere tid er blitt «opdaget», er en bortgjemt botn på baksiden av Jønshornet, der er av en så merkelig karakter og så lett å nå at den nu er blitt et almindelig utfluktsted for turister.»

Desse orda skreiv lyrikar og fjellvandrar Kristofer Randers i 1930 i boka Sunnmøre laga på oppdrag for Ålesund-Sunnmøre Turistforening (i dag DNT Sunnmøre), første gong utgjeve i 1890. Vi er med andre ord seint ute. Molladalen er for lengst sett på kartet som eit attraktivt turmål.

Person med rød sekk går langs en sti en bratt fjellside mot en dal omgitt av spisse tinder.

Randers skriv vidare:

«Allerede når man har passert det bratteste av oppstigningen, har den ene himmelstrebende pigg etter den annen begynt å stikke opp over bakkebrynet. Og når man har hoppet over elven, åpner der seg en rund gryte, omgitt av en krans av de underligste tinder man kan se, – en praktfull botn, som i en halvsirkel omsluttes av en tilsynelatende sammenhengende steinmur, øverst oppe tagget som et sagblad, med skarpe pigger på buete egger, med spisse nåler og krummede horn.»

Vi er ikkje like sofistikerte i vår betraktning, men absolutt begeistra over det vi har framfor oss.

– Shit, sjå på det der.

Om du likar å glane på fjell, bør du reise hit. Åse og eg har begge vakse opp mellom mjuke toppar i Jølster og kjenner oss nesten som i eit framand land.

Vi traskar langs Storevatnet i botn av gryta, til den såkalla teltplassen. Her kan det visstnok vere tettpakka med telt på dei finaste dagane, men det einaste vi møter på, er eit par lavvoar. Folka som bur der er ingen stad å sjå. Sjølv når haustmørket fell på, er vi åleine. Heilt til vi ser lyktene i fjellsida bak oss. Ein slange som snirklar seg nedover, under dei klåre stjernene, som i ei scene frå Everest. Sett nedanfrå verkar det knapt farbart.

Kor har dei vore? Bladet?

Det må nesten vere ein folkehøgskule-klasse, mumlar vi, idet gjengen kjem nærare. Det er noko med humøret. Dei tar soveposar og liggeunderlag og legg seg under åpen himmel.

Definitivt folkehøgskule.

Rekognosering

Neste dag trakkar vi i spora til hodelyktene frå kvelden før. Opp Mohnsrenna, som ikkje må forvekslast med langt luftigare Mohns skar på Store Skagastølstind. Men bratt, det er det.

Tåka trugar med å pakke oss inn. Oppover og oppover og over kanten. Vi skal berre sjå, eller rekognosere om du vil.

– Der er det!

Bladet.
Sverdet.
Kålbladet.

Åse går først. Bortover den rotne snøen til det store målet. Ser opp på den 15–20 meter høge formasjonen. Det er ho som skal klatre først og setje sikringar når tida er inne. Nervene kjem krypande, før ho fastslår:

– Vi treng klatresko.

Kollaps i camp

Det grå vêret gjer oss late. Vi kunne tatt turen til Jønshornet, men … neeei. I staden spelar vi yatzy, et Sørlandschips, søv og pratar. Ventar på vêret som dei ville sagt i Everest Base Camp. Først skal det bli verre, og så skal det bli betre, ifølge Yr.

Ein heil ettermiddag og eit heilt døgn etter der igjen latar vi oss. Og det lever vi fint med.

Må ein på død og liv gjere noko heile tida? Vi syns ikkje det.

Heilt til Åse seier:

– Eg spring ned og hentar klatreskoa.

Og det gjer ho. Ho spring heile vegen. Heilt ned og heilt opp igjen. Og mens ho spring blir vinden sterkare. Teltduken slår meg i trynet med kraftige blaff.

Lettvekts-telt er innmari kjekt, berre ikkje akkurat no. For akkurat no er det kollaps i camp. Brått ligg eg i ein salat av duk og stenger. Kryp ut, kjempar for å halde salaten fast, slik at den ikkje fer på vatnet. Teltpluggar ligg strøtt, som om dei ikkje ein gong gjorde eit forsøk på å halde teltet på plass.

Kva no?

Vinden roar seg eit par hakk. Eg får oversikt. To stenger er knekt. Okei, det her går bra. Eg har ekstra stangledd, to stk., akkurat nok. Det er høg mestringsfaktor i camp når Åse kjem tilbake. Faktisk er det så lite spor av dramaet som har utspelt seg at det er vanskeleg å formidle det som har skjedd – og responsen er derfor noko meir avmålt enn håpa.

Men:

Vi har klatresko.

Det skal ikkje stå på utstyret. Eller noko i den dur.

Toppstøt

Yes! Yr snakka sant. Vi er tidleg oppe. Vi er klare. Målet er å vere først på Bladet denne dagen. Tau, selar, hjelm, kilar og sko er med. Idet vi bikkar over kanten og nærmar oss dagens mål, konstaterer vi at ingen er å sjå, bortsett frå nokre geiter i bratta under Bladet.

Strålar av sol bryt gjennom skylaget. Ein morgon verdig både Instagram og langtidsminnet.

På med utstyret.

Kameratsjekk. Check.

Åse er i gang. Set første sikring, så neste. Eg matar ut tau.

– Wops, høyrer eg frå Åse og ser samtidig at ein av kilane sprett ut.

Person henger i et klatretau i en loddrett fjellside.

Åse er roleg, sterkare i hovudet enn meg, ho fortset vidare rundt kanten, ut av mitt synsfelt, seier noko om at det er langt ned, før eit smilande ansikt kjem til syne like etterpå.

Toppen er nådd.

No gjenstår strengt tatt sjarmøretappa for min del, som kan klatre på tauet Åse har festa i toppen. Staden det er størst sjans for at det går gale er i mitt eige hovud. På framsida av Bladet er det ikkje noko stress. Så. Oi. Ja. Her var det veldig langt ned.

Hjartet slår raskare. Eg famlar på den kalde steinen, men jaudå, kjem meg opp. Skal eg tore å stå på toppen slik dei gjer på bilda eg har sett?

Nei, det må nesten bli ein annan dag. Det er kjekt å kome opp, men det er jammen godt å få bakkekontakt også.

I retning av det fantastiske

Brått myldrar det med folk rundt Bladet. Medan folk klatrar opp, ein etter ein, og klamrar seg til, skrevar over eller står på spissen, går vi ned til teltet.

Vi steiker lappar og seier som Randers:

«For øvrig kan man neppe kalle disse fjellformasjoner for tinder, – dertil er den hele masse for meget opphakket og dens enkelte deler for lite individuelle. Men i retning av det fantastiske, det bisarre og barokke, skal man ha vanskelig for å finne noe som overgår denne sagtakkete klippekrans om Molladalen.»

Person sitter foran et grønt telt nede i en dal omgitt av spisse tinder.

Molladalen med og utan tau

Bladet blei truleg bestige første gong av Adolf Ljaaen og Reiulf Hagen i 1929. Stort meir info er vanskeleg å oppdrive om historia til tindenåla. Kanskje det ikkje var all verda å skrive om, eller skryte av i eit elles tindevelsigna landskap? Rett nok har pionerar som William Cecil Slingsby og Emanuel Mohn fått toppar oppkalla etter seg i Molladalen, men det er lite som tyder på at dei faktisk sette sine bein her.

– Eg har likevel inntrykk av at dei vart imponert og betatt av Molladalen, men det var eigentleg ikkje høgt nok for dei, fortel Tommy Skeide.

Han har skrive den nyaste klatreføraren for Sunnmøre, kor Molladalen har ein sentral plass. I arbeidet med føraren blei også han nysgjerrig på historia til området.

– Hotel Union Øye var tindesportbasen då den britiske overklassen drog ut med båt på Hjørundfjorden for å sjå etter fjell dei kunne bestige. Dei var opptekne av framtredande og krevjande toppar som Slogen, Store Brekketind og Jakta.

Utover 1900-talet endrar fokuset seg. Førstebestigningane er i stor grad gjort. No er det om å gjere å bestige tindane frå nye sider, finne ein ny og spektakulær veg til toppen. Bladet kjem også på radaren etter kvart.

– Bladet var tidleg ein kjendisformasjon og absolutt kjend for klatrarane på 1950- og 60-talet, fortel Skeide.

I dag klatrar fleire hundre på den spesielle steinen kvar sommar. Om du vil lufte deg på «klippekransen» utan tau, anbefalar Tommy Skeide Jønshornet (1419 moh.) og Randers topp (1414 moh.). Mange går også til Mohns topp (1340 moh.) utan noko form for sikring, men det kjem med ein risiko. Er du derimot klar for litt kileklatring, har Skeide ei klar oppfordring om å oppsøke ein mindre kjent pinnakkel.

– På Holtanna finn du ein Kjerag-aktig stein. Gå vestegga, over steinen og fortset ut på Holtanna, det er ein kjempefin tinderanglingstur, grad 3. Du kan også klatre Holtanna frå søregga, rappellere ned og deretter klatre sofaruta og kome på Mohns topp. Derifrå får du utsikt til alt som er å sjå. Så tar du Bladet i solnedgang. Det er ein solid dag.

Og berre for å ha nemnd det, du kan også nyte Molladalen utan å bestige meir enn ein heilt ordinær stein.

– Då eg jobba med boka, var eg rundt 30 dagar oppi der, med fotolys tidleg og seint. Elles sat eg mykje på ein stein og såg. Tenk på at i Molladalen ser du det same som du ville gjort for 10 000 år sidan, det er som å bli transportert tilbake i tid.

Person står på toppen av en fjellrygg med spisse tinder.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem