FOSSETEATERET: Utsiktspunktet «Fosseteateret» er bygd ut frå fjellet ved Holvikfossen, lengst opp i Trivselsskogen.
FOSSETEATERET: Utsiktspunktet «Fosseteateret» er bygd ut frå fjellet ved Holvikfossen, lengst opp i Trivselsskogen.

Skogen med det rare i

Ti minutt frå Sandane sentrum i Gloppen finst ein sti heilt utanom det vanlege.

Publisert

– Har ikkje du sett Trivselsskogen? Åh, då gler eg meg til å vise deg, seier Knut Roger Nesdal begeistra. Nesdal er næringssjef i Gloppen kommune, men når vi møter han er han først og fremst initiativtakar og dugnadsansvarleg for Trivselsskogen, eit nyetablert turområde like ved Sandane sentrum bygd kring ulike utsiktspunkt og «attraksjonar». Kva med ein tur til Kjærleiksskogen, Solplatået eller Fosseteateret?
– Norge er jo proppfullt av stiar, men veldig få har fokus på det som er på sida av stien. Det er der vi skil oss ut, fortel Nesdal.

Trivselsskogen

› Turområde på Sandane i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane.

› Til saman har prosjektet kosta 8 millionar kroner. Av desse har 740 000 vore kommunale.

› Elles er Trivselsskogen finansiert gjennom spelemidlar, Extrastiftelsen, Gjensidigestiftelsen, Sparebankstiftinga, Midtre Nordfjord Turlag, privat næringsliv og privatpersonar.

› Det er Trivselsskogen SA som bygger ut. Her er eit eige styre som har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av skogen. Les meir: trivselsskogen.no

LUFTSLOTTET SOM BLEI BYGD

Vi legg av garde frå sentrum ein torsdag i kveldstimane. Her står ein stor varde som markerer starten for ruta. Kvite hjarter i asfalten viser veg. Det er ikkje lenge sidan statsminister Erna Solberg gjekk her i samband med opninga av turområdet, kor ho blant anna uttalte at «Dette er Norge på sitt aller finaste, sjølv om det manglar Bryggen i Bergen». Etter ti minutt på beina er lyden frå E39 bytta ut med fuglekvitter og tre som raslar i den svale brisen. Asfalt har blitt til sti. Og det tek ikkje lang tid før vi er ved første stopp: Trygg i naturen-campen. Her er det gapahukar, store bord og sitjeplassar, grillar, ja til og med steinomn som ein kan leige. Det er oppheng til hengekøyer og eit amfi. Vi trakkar vidare på brei sti, fleire stader er det gamle traktorvegar som har blitt «greve» fram. Før Trivselsskogen kom, var det lite trafikk i dette området. No er det eit satsingsområde for folkehelse og reiseliv.
– Kven er det som besøker Trivselsskogen?
– Det er veldig mykje tilreisande. Dette er eit reiselivsprodukt, ikkje berre ein tur, men ein attraksjon.

Den eine begeistra personen etter den andre slår av ein prat med Nesdal, han kjenner så godt som alle i bygda. Men det har ikkje berre vore entusiasme å spore undervegs i prosessen.
– Når dei første planane for skogen vart lagt fram, kom luftslott-omgrepet fort på bana. Men i Gloppen har vi bygd det luftslottet, kritikken har stilna, og i dag er folk stolt av Trivselsskogen. Jantelova i Gloppen er på veg ut fjorden.

KLOPPAR: I plankane på kloppane i Kjærleiksskogen er det skore inn kjærleiksord.
KLOPPAR: I plankane på kloppane i Kjærleiksskogen er det skore inn kjærleiksord.

BEREKRAFTIG STI

På den breie stien er underlaget dekka av pukk og kverna trevirke. Dette skal gjere den mindre sårbar for slitasje. Det er ein berekraftig sti, fortel Nesdal.
– Men kva er eigentleg ein berekraftig sti?
– Ein sti som toler trafikken. Den må ha jordsmonnet og eit underlag som toler å bli gått på. Der det er myr og vegetasjon som ikkje toler belastninga, må vi gjere noko for å styre trafikken utanom.
– Vi ser det allereie her oppe, der vi ikkje har gjort noko, er det slitasje.
– Kor mykje skal ein tilrettelegge, meiner du?
– Vi er nøydd til å gjere det enkelte stader for å styre trafikken. Det er desse turane vi sel og får besøk på, så let vi resten ligge. Skal vi selje naturen, må vi legge den til rette.

KJÆRLEIKSSKOG

Når dei første planane for skogen vart lagt fram, kom luftslott-omgrepet fort på bana. Men i Gloppen har vi bygd det luftslottet, kritikken har stilna, og i dag er folk stolt av Trivselsskogen. Jantelova i Gloppen er på veg ut fjorden.

Initiativtakar Knut Roger Nesdal

Vi passerer nokre geiter som er hyra inn for å halde vegetasjonen nede, og nærmar oss neste stopp: Kjærleiksskogen. Her er underlaget våtare, og det er lagt kloppar over, men ikkje av den heilt vanlege typen. I plankane er det skore inn kjærleiksord, og i skogen har folk hengt opp hjarter i alle storleikar og variantar.
– Det er kanskje litt harry, men ganske fint også, synest ikkje du?
– Min favoritt er det som heng her borte, seier Nesdal og peikar på eit lite hjarte av tre kor det står: «Mamma+Pappa=sant». På veg ut av Kjærleiksskogen går vi over store hjarte laga av betong.
– Eg plasserte hjarteformene hos betongfirmaet og spurte om dei kunne helle oppi kvar gong dei hadde restar dei ikkje fekk brukt til noko. Ideen til Trivselsskogen kom då Nesdal var på studietur til Fort William i Skottland og såg på naturbasert reiseliv.
– Det gjekk opp eit lys då eg såg kva dei hadde klart å få ut av det vesle dei gjorde.
– Kva var det dei gjorde?
– Dei samla ting, gjorde det enkelt og tilgjengeleg, kombinerte ting innanfor eit lite område. Eg kom heim med mange idear på blokka i april 2015, og mai same år hadde vi første synfaring. Då hadde ni grunneigarar sagt ja til å stille området til disposisjon.
– Korleis har samarbeidet med grunneigarane vore?
– Det har vore heilt fantastisk. Det var det første eg gjorde, å spørje dei. Dei er jo dei som har lagt ned mest dugnad i skogen. Men dei kan sjølvsagt sage ned skogen i morgon, om dei har lyst.

DAGSTURHYTTE: Draumekvila i Trivselsskogen var den første av i alt 26 dagsturhytter i Sogn og Fjordane. På eit år har den hatt kring 30 000 besøkande.
DAGSTURHYTTE: Draumekvila i Trivselsskogen var den første av i alt 26 dagsturhytter i Sogn og Fjordane. På eit år har den hatt kring 30 000 besøkande.

Terrenget blir brattare, og framme ved dagsturhytta Draumekvila får vi mykje utsikt for innsatsen. Draumekvila var den første av i alt 26 dagsturhytter i Sogn og Fjordane. På eit år har den hatt kring 30 000 besøkande. Og ein skulle nesten tru det var bestilt då ein av grunneigarane kjem spaserande ned frå utedoen til hytta.
– Eg måtte sjå om det var nok toalettpapir, seier Alv Einar Henden.
Han er ofte i skogen og ordnar med smått og stort. Lenger nede står traktoren som brukast til å rydde skog og vedlikehalde stien til Holvikfossen med ny flis. Og då behovet for ei kvistkvern melde seg, tok han kostnaden med å skaffe den. Det er lite som tyder på at han kjem til å sage ned skogen med det første.

FOSSETEATER

Eg trur det er ein del livsstilssjukdomar som blir sveitta ut i dei bakkane her.

Initiativtakar Knut Roger Nesdal

Utsikta frå dagsturhytta er upåklageleg, men sjølve «Utsikten» ligg lenger oppe. Sveitten piplar idet terrenget blir stadig brattare.
– Eg trur det er ein del livsstilssjukdomar som blir sveitta ut i dei bakkane her, seier Nesdal som sjølv har ein tur på Skåla i beina frå same dag. Nepalske sherpaer har laga steintrapper oppover. All steinen er henta frå området rundt. På toppen ventar figurar av trollet og bukkane Bruse – ei gulrot for dei minste for å gå heilt opp. I tillegg til utsikta, så klart. Men sjølve juvelen i Trivselsskogen står att. Den siste attraksjonen som opna, er eit spektakulært utsiktspunkt bygd ut frå fjellet ved Holvikfossen, som har fått namnet «Fosseteateret».
– Fosseteater betyr at det er fossen som spelar hovudrolla, og vi ser på førestillinga den gjev oss. Fossen varierer etter årstid, vassføring og tid på dagen. Fossen spelar teater og inviterer til gratisframsyning for turgåarane 24/7, 365 dagar i året. Vi legg ut på siste etappe tilbake mot Sandane sentrum og går ned nye sherpatrappetrinn.
– Skal vi ta turen via Bekkestien? seier Nesdal idet vi nærmar oss utgangen av skogen. Bekkestien er ei runde på 200 meter.
– Denne kan så godt som alle klare. Sjølv om ein ikkje har gått så langt, får ein likevel oppleve lyden av bekken og skogen.
– Målet er jo å få folk ut, enkelt og greitt.

ILDSJEL: Initiativtakar Knut Roger Nesdal saman med geitene som er hyra inn for å halde vegetasjonen i Trivsesskogen nede.
ILDSJEL: Initiativtakar Knut Roger Nesdal saman med geitene som er hyra inn for å halde vegetasjonen i Trivsesskogen nede.