Eit av dei mest framtredande kulturminnene på nye Malmveien er fløtningskanalane med vassrenner og båtdrag.
Eit av dei mest framtredande kulturminnene på nye Malmveien er fløtningskanalane med vassrenner og båtdrag.

Ny historisk vandrerute

Historiske vandreruter kombinerer både kultur og natur. I juni 2021 opnar rute nummer 14.

Publisert Sist oppdatert

Ein guide losar ei gruppe turistar gjennom gatene i Røros. Ferda går innom den monumentale og påkosta kyrkja, Bergstadens Ziir, bygd i Røros Kobber-verk si glanstid. Deretter vidare til toppen av Sleggveien. Frå eit ytterpunkt til eit anna. Her står nemleg husa til dei som var nederst på den sosiale rangstigen i bergverksamfunnet. Dei hadde smeltehytta og slagghaugane som næraste nabo, og eit giftig svovelteppe over hustaket.

MALMVEIEN

Det særeigne landskapet mellom Røros og Femundsmarka viser mange spor etter menneskeaktivitet.

TEMA: Gruvedrift med malmtransport og tømmerfløting, men også reindrift og seterliv.

TYPE: Fottur

LENGDE: Ca. 50 km

VARIGHET: 3 dagar

GRADERING: Middels

SESONG: 1.6. – 15.10.

– Det må ha vore ganske forferdeleg å bu her, seier guiden.

Spora etter 333 år med gruvedrift er framleis framtredande i kommunen. Røros står på UNESCOs verdsarvliste og blir rekna som eit av dei viktigaste kulturminna i Noreg. Men kulturarven strekk seg langt utover dei smale gatene.

Innanfor ein radius på om lag 44 kilometer (circumferensen) hadde Røros Kobberverk retten til alle ressursar. Mineralar, skog og vatn. I same område finst menneskespor som er langt eldre enn gruvedrifta. Steinalderbusetnader, fangstgraver og samiske kulturminne. Dette er grunnlaget for den nye Historiske vandreruta Malmveien.

Mellom Røros og Femundsmarka.

Tre dagar. 50 km.

Gjennom natur og kultur.

Slagghaugane og kyrkja er noko av det Røros er mest kjent for.
Slagghaugane og kyrkja er noko av det Røros er mest kjent for.

TVERRFAGLEG SAMARBEID

«Historiske vandreruter» er eit samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren. Det såg dagens lys i 2012. Sjølve vandringa starta langt tilbake. Heilt sidan landet blei befolka, har det vore ferdsel over fjell og bre og sjøar, gjennom skog og hei. Mange av stiane som er merka i dag, har folk gått på og budd langsmed lenge før den raude T-en blei måla.

Både nordmenn og tilreisande er opptekne av norsk natur, men spørreundersøkingar gjort på oppdrag for Riksantikvaren viser at kulturminne i like mykje eller større grad gjer inntrykk. Historiske vandreruter har som mål å kombinere friluftsoppleving med kulturarv. I 2015 var den første ruta, Finnskogrunden, på plass. Sidan har nye kome til, og no er nummer 14 i rekka klar for opning.

Les om alle dei Historiske vandrerutene her.

På stien mellom dei to overnattingsstadane Marenvollen og Fjølburøsta går du opp mot 900 moh. og kan nyte eit vidt utsyn.
På stien mellom dei to overnattingsstadane Marenvollen og Fjølburøsta går du opp mot 900 moh. og kan nyte eit vidt utsyn.

LAG PÅ LAG MED HISTORIE

HISTORISKE VANDRERUTER

Historiske vandreruter er eit samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren som gjer gamle ferdselsvegar betre kjent og meir brukt. Dei utvalde rutene gir deg flotte friluftsopplevingar i kombinasjon med unik kulturarv.

› I dag finst det 14 ulike Historiske vandreruter.

› Dei Historiske vandrerutene finst som turforslag på UT.no, og historisk informasjon om rutene er publisert på lokalhistoriewiki.no

Om du startar på Malmveien frå Røros, går turen først over Skåkåsfjellet til DNT-hytta Marenvollen, og deretter vidare til Femundsmarka. Småkupert, men likevel snilt og lettgått terreng. Kulturminna opptrer spesielt hyppig når du kjem inn i Femundsmarka. Tømmerrenner, fløterbuer, fangstgroper og eldgamle leirplassar. Det var også her ideen om Malmvegen blei skapt.

– Vi forvaltar eit område med mange kulturminne og hadde i lang tid tenkt at vi burde lage ein liten natursti, fortel Kirsten Thyrum, nasjonalparkforvaltar for Femundsmarka. – Samtidig har vi vore skeptiske til å ha skilt og tilrettelegging i eit verneområde.

Forvaltningsinstansen oppdaga «Historiske vandreruter» som konsept og gjorde sårbarheitsanalyser, som synte at området toler tråkk og ferdsel. Eit samarbeid med DNT og Riksantikvaren kom på plass. Ruta har offisiell opning 26. juni og finn stad same år som Femundsmarka nasjonalpark feirar 50-årsjubileum.

– Det er jo litt spesielt at vi som verne-myndigheiter er så aktivt med i tilrettelegginga. Grunnen til det er at vi meiner ferdselen er god og forsvarleg. Ved hjelp av ruta styrer vi trafikken og legg samtidig til rette for ei endå meir innhaldsrik oppleving.

LES OGSÅ: Helge Johnsen vaks opp på Kråkenes fyr

Femundsmarka husar gamalskog og fleire sjeldne og sårbare artar. For å bevare natur og kulturminner er sporlaus ferdsel viktig.
Femundsmarka husar gamalskog og fleire sjeldne og sårbare artar. For å bevare natur og kulturminner er sporlaus ferdsel viktig.

Undervegs på tredagars-turen finn du såkalla vippeskilt som fortel noko om staden du er på. Litt som å vandre i eit stort utandørs museum.

– Fleire av stadene som er populære teltplassar i dag, var også det for steinalder-menneske. Seinare var det koparverket som brukte naturen ganske hardt. Du har fortsatt spor etter tungmetallar, og du ser kor lang tid det tar for naturen å hente seg inn igjen. Det er sørsamisk reindrift i området, og spor etter sørsamisk busetnad. Du har lag på lag med historie, fortel Thyrum.

BU I EIT KULTURMINNE

Dei Historiske vandrerutene følger i stor grad stiar som allereie er ein del av DNT sitt rutenett, og med overnatting på DNT-hytter. På ruta mellom Røros og Femundsmarka var Marenvollen i utgangspunktet einaste DNT-hytte, men den gamle setra Fjølburøsta vil frå sommaren 2021 fungere som ei sjølvbetjeningshytte. Den er plassert lunt i landskapet, like ved inngongen til verneområdet.

LES OGSÅ: Slik bruker du DNT-hyttene

Inge Feragen er glad for at setra hans på ny blir tilgjengeleg for overnatting.
Inge Feragen er glad for at setra hans på ny blir tilgjengeleg for overnatting.
Gamal gjestebok på Fjølburøsta.
Gamal gjestebok på Fjølburøsta.

– Eg ynskjer at setra skal vere open for ålmenta, fortel Inge Feragen, som er eigar av Fjølburøsta.

Han opnar døra inn til bygningen som gjestane skal få disponere. Mykje av det originale inventaret mellom dei kraftige tømmerveggane skal få stå. Den idylliske staden har ei historie som strekk seg heilt tilbake til 1845, og det er langt frå første gong slitne turgåarar har funne husly her. Feragen finn fram ei gjestebok, så gamal at ein knapt tør bla i den, med helsingar datert til tidleg 1900-tal. Det kjem fram at myggen var plagsom også då.

EI RUTE I KVART FYLKE

Malmveien er som nemnd nummer 14 i sitt slag og blir ikkje den siste Historiske vandreruta.

– Målet er å få på plass rundt 20 ruter, ei rute i kvart fylke, etter den gamle fylkesinndelinga, fortel Louise Brunborg-Næss, prosjektleiar for «Historiske vandreruter» i DNT.

Ho fortel vidare at rutene har som mål å by på ulike kulturhistoriske tema.

– Du har for eksempel Flyktningeruta, som handlar om flukten til Sverige under krigen. Stølsruta med fokus på støling. Den nye Malmveien har fokus på korleis gruvedrifta har påverka landskapet med blant anna tømmerfløting og malmtransport. I tillegg er det den einaste så langt med innslag av sørsamisk kulturarv.

Fjølburøsta ligg idyllisk til ved inngongen til Femundsmarka.
Fjølburøsta ligg idyllisk til ved inngongen til Femundsmarka.

Dei Historiske vandrerutene bidreg til at gamle ferdselsårer blir bevart og har som mål å gi folk ei endå rikare oppleving. Brunborg-Næss opplever at kunnskapen gir ein ny dimensjon til turen.

– Du veit at den steinhaugen du ser, ikkje berre er ei steinrøys, men kanskje eit fundament. Då ser du landskapet på ein heilt ny måte. Ein lærer noko nytt om seg sjølv når ein har med seg kunnskapen om korleis andre har gått i landskapet før deg.