17 krakkar er på veg til Finse.

Saman med skruer, plank og spiker. Speil, knaggar og matpakkepapir. Og alt imellom.

Alt som må til når ei av dei største hyttene i DNT-systemet, Finsehytta, skal få eit realt ansiktsløft.

Månader i forvegen var krakkane berre grove plank, før dei blei saga, høvla, pussa, justert og montert.

For hand? Absolutt.
Av kortreist trevirke? Yes.

Ikkje frå eit globalt møbelkonsern, med andre ord? Nei, laga i ein liten snikkar-verkstad på Grønland.

Benny Butikk i Oslo fengsel.

Frå fengsel til fridom

Publisert Sist oppdatert

Trygt, varmt og lunt. Det er slik det kjennes på snikkar- verkstaden i Oslo fengsel. Iallfall for ein besøkande som har fridomen i hevd.

Normalitetsprinsippet er viktig i straffegjennomføringa.

Å bli frårøva fridomen er straffa, å leve eit liv utan kriminalitet er målet.

Fengselsdirektør Nils Leyell Finstad fortel at det likevel er for mykje isolasjon i norske fengsel.

På verkstaden får dei innsette arbeidstrening, yrkesopplæring og sosialt samvær – og vissa om at gjenstandar dei har laga, kan vere til glede for andre.

Direktøren ved Oslo fengsel oppsummerer reisa til krakkane slik:

– Ekstremvarianten av isolasjon møter ekstremvarianten av fridom.

Eit renoveringsprosjekt som hadde vore krevjande nok i låglandet, blir ikkje noko lettare 1222 meter over havet.

Alt og alle må fraktast med tog.

Logistikken er eit kapittel for seg sjølv.

Utgangspunktet for Finsehytta var brakker bygd under 2. verdskrig.

I 1947 overtok DNT byggemassen frå Direktoratet for fiendtleg eigedom, deretter blei han totalrenovert og er drive som turisthytte sidan 1949.

No er hytta snart klar for eit nytt kapittel etter ei større oppgradering det siste året.

«Per», ein av dei innsette i Oslo fengsel, fortel at han ynskjer å gjere noko anna enn å sitje på cella. Difor er han på verkstaden.

Men han hadde inga tru på at han kunne lage ein krakk.

No står den på Finsehytta, som opnar på ny til sommarsesongen.

Når bygningsstøvet har lagt seg og siste strøk er måla, vil du møte han i det nye resepsjonsområdet.

I lukta av nysteikte vaflar, ved breidda av Finsevatnet og med utsikt til ei vidde av fridom.