
TURSOMMER: Sporlaust på tur
I podkasten Tursommer fortel turleiar Torkel Reinertsen deg kor enkelt det er å ferdast sporlaust i naturen.
I år har naturen i endå større grad enn tidlegare blitt ein fristad for fleire av oss både til dagsturar og overnatting. I sommar skal me feriera i Norge. Kva kan du som turgåar gjera for å sikra at naturen ikkje tek skade av deg?
– Når eg er på tur, ryddar eg alltid. Mitt eige søppel tek eg sjølvsagt alltid med tilbake, men eg tek også det eg finn frå andre. Når ein ser søppel på tur bør ein ikkje tenka at dette ikkje er mitt, men heller tenka at naturen er min, og difor vil eg rydda i han, seier Torkel Reinertsen. Torkel var speidar i heile oppveksten og er no aktiv i DNT ung som turleiar og styreleiar i DNT ung Stavanger.
Trass for oppslag om forsøpling i enkelte turområde og slitasje, får turgåarar gode skussmål når det kjem til å ferdast sporlaust frå Anne Mari Planke, avdelingsleiar for natur og friluftsliv i DNT.
– Generelt så vil eg seia at folk er veldig flinke til å ta vare på naturen når ein er på tur. Råda som vert gjeve vert tatt og søppelet vert med heim. Men no som me stadig er fleire på tur er det viktig at me alle sammen minner oss om dei allemannspliktene me har når me er ute. Det handlar om å visa hensyn både til naturen, grunneigarar og andre ein møter undervegs – slik kan i ta vare på allemannsretten inn i framtida.

Friluftsliv må lærast
– Men samtidig som miljøengasjementet veks, ser me framleis søppel på tur, knekte greiner ved leirstader og bål som ikkje er rydda. Kva er greia med det?
– Eg trur ikkje dei som forsøplar gjer det med vond vilje. Der handlar det om å ikkje vera bevisst eller at ein manglar opplæringa som skal til. Friluftslivet må også lærast. Ta til dømes det å gå på do. I alle år har dette vore kunnskap me ikkje har prata om. Det er fyrst no “alle” har tatt tak i det og me tør å prata om det i alle kanalar. Ting må lærast og dermed må me snakka om det og repetera det. Og når me gjer det, tek me samtidig vare på naturen og turgleden, seier Anne Mari Planke.
Gratisbillett til norsk natur
Det er eigentleg såre enkelt, fortel Anne Mari Planke. Sporlaus ferdsel handlar om å vera bevisst på vala ein tek og å ta hensyn.
– Me er utruleg heldige. I andre land kan ein berre gå på tur på statleg og regulerte område, men i Norge gjer allemannsretten at me har ein gratisbillett til å vera ute og på tur bortimot overalt. Det må me ta vare på, og det gjer me best ved å tenka på korleis me kan vera på tur sporlaust, seier fagsjef Planke.

Torkils råd til ein sporlaus tur
- Planlegg: Les deg opp på allemannsretten og turen på UT.no. Går turen til eit område det er lov til å telta? Er det hekketid for enkelte dyr eller fuglar? Ta med deg slynger til hengekøya i staden for tau. Ha med ein hagespade til dobesøket. For å sleppa matamballasje, kan du legga maten i tøyposar av bomull. Fyll dei med alt frå frukt og grønsaker til havregraut eller potetgull. Posane vaskar du enkelt når det trengs.
- Overnatting: Før du slår leir, er det viktig å vita kor du har lov til å bu og ikkje. Allemannsretten gjev alle løyve til å overnatta i utmark. Utmark er alt som ikkje er innmark. Det vil seia skog, myr, fjell og kystområder, altså fri natur. Innmark er område som hustomter, gårdsplasser og dyrka mark, som jorder. Men sjølv når du er i utmark, har du ikkje lov til å plassera telt eller hengekøye nærare enn 150 meter frå bebudde hus og hytter. Du kan heller ikkje la teltet stå på same stad lenger enn to døgn. Om du vil overnatta flere netter må du flytta det, med mindre du har løyve frå grunneigar. Teltar du på høgfjellet eller fjernt fra stader der det er folk, gjeld ikkje tidsavgrensinga på to dagar. Telt: For komforten sin del går du etter ein stad der er flatt og mjukt. Pass på at du slår opp skikkeleg, strammer godt, set i pluggane som ikje skader bakken. Barduner i greiner, men ikkje knekk dei. Rydd opp etter deg etterpå. Graset som er flatklemd igjen etter deg reiser fort etter at du er reist. Om vèret er godt kan du også droppa teltet, ta med deg liggeunderlag og sovepose og sova under open himmel. Hugs myggnetting. Hengekøye: Bruk slynger for å henga opp køya, ikkje tau. Slynger skånar treeet og fordeler vekta av deg utover, medan tau etterlet større sår i stammen. Sjå etter solide tre som toler belastninga av vekta di. Om dei er for tynne kan vekta av deg bøya det.
- Bål: Frå 15. april til 15. september er det bålforbod i Norge. Det betyr at det ikkje er lov å tenne bål, grill og engangsgrill i, eller i nærheita av skog og anna utmark. Det er likevel lov der det åpenbart ikkje kan føra til brann, som i fjøra, ved eit vatn, ved snø eller dersom det har regna mykje og er vått i terrenget. Glør kan ulma under eit tilsynelatande sløkt bål, pass difor på å ha rikeleg med vatn tilgjengeleg slik at du er sikker på at du får sløkt skikkeleg. Om du har flytta på steinar for å laga bålet, spre dei utover. Kun oske skal ligge att.
- Dobesøk: Nokre stader er det offentlege do, då er det lurt å bruka det. Finn fram søppelposen og hagespaden frå sekken. Gå vekk frå stien, slik at du ikkje er til sjenanse for andre og at du sjølv får fred. Grav eit hol ca 15 cm, løft av topplaget. Dopapir tek lang tid på å bli brutt ned, ta det difor med tilbake i posen. Når du er ferdig legg du topplaget over holet. Då kan ein nesten ikkje sjå at du har vore der.
- La varden stå: Villvarding er eit uttrykk brukt der fotturistar bygger småvardar, gjort som leik eller fordi ein synes det er fint. Det kan det også vera, men det er også eit problem. Vardane er der for sikkerheita til dei som går i fjellet. Når det er skodde og dårleg sikt er vardane ekstra viktige, og dersom ein følger vardar som er der til pynt, kan det få alvorlege følger.
- I sekken: Det aller enklaste til sist: Pakk med deg posar slik at du er sikker på å få frakta ned ditt eige søppel heim etter tur. I tillegg har du mogelegheita til å ta med deg det du finn av avfall undervegs.
DNT har også egne turvettregler for årets Norgesferie.