Krykkene bana veg inn i naturen

Ei tilsynelatande uskuldig snowboard-ulukke snudde Helene sitt liv på hovudet.

Publisert Sist oppdatert

– Rundt 5 per 100 000 får det, seier ho.

Hunden Louis leier an og gir Helene Rønningstad Halsos (26) drahjelp oppover stien ved Anestølen i Sogndalsdalen. Fuglane kvitrar, flugene susar og elva brusar. Ein klassisk fin dag.

– Dei fleste pleier å gå der, seier ho og peikar mot fjellsida til høgre.

– Men eg syns det er finare her.

Helene går mot elva, over steinar og ormegras. Tar ein pause, ser utover.

– Eg datt på snowboard og fekk ein skade i akilles. Øydela nokre leddband. Ein skade som vanlegvis blir bra.

Ho går vidare. Elvebruset kjem nærare, det blir vanskelegare å høyre kvarandre. Helene legg frå seg krykkene og let Louis bade i ein kulp. Det klare vatnet strøymer nedover.

– 5 per 100 000 kan utvikle CRPS, komplekst regionalt smertesyndrom, som er det eg har. Ei feilkopling i det ikkje viljestyrte nervesystemet som legane ikkje veit kva kjem av – dei veit eigentleg ikkje kva det er.

Helene fyrer opp gassbrennaren på ein stein under eit bjørketre, kor lyden frå elva har stilna.

– Eg pleier å seie at når eg har fått det her, så kan eg vinne i Lotto. Eg tenker jo «kva om eg ikkje hadde reist den dagen». Skaden har endra livet mitt totalt.

Tårene pressar på under capsen.

– Det har vore tøft, og det er tøft. Men det er rart, for livet er betre enn det var før ulukka.

<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Helene Rønningstad Halsos har eit sjeldant smertesyndrom. For ho gjer krykkene friluftslivet meir tilgjengeleg.</span>
Helene Rønningstad Halsos har eit sjeldant smertesyndrom. For ho gjer krykkene friluftslivet meir tilgjengeleg.

RUNDT 30 PROSENT AV VAKSNE i Norge har ei eller anna form for kronisk smerte, ifølge Folkehelseinstituttet.

Vidare er det mange som av eit stort spekter av årsaker ikkje kan gå kilometer etter kilometer på Hardangervidda, eller mange hundre høgdemeter til toppen av Galdhøpiggen. Det vil likevel ikkje seie at ein ikkje kan ta del i friluftslivet, noko Helene praktiserer til gagns.

På Instagram kallar 26-åringen seg @krykker_i_naturen. Krykkene representerer mulegheiter der det er fort å sjå avgrensingar. Mulegheit for å høyre på elvebrus, noko av det finaste Helene veit. Kjenne varmen frå eit bål. Få utsyn. Kome seg langt nok vekk frå hus og bilar og folk til at hjernen kan tenke nye tankar.

TILRETTELAGDE DNT-TILBOD

FRILUFTSLIV TILRETTELAGT FOR

UTVIKLINGSHEMMA (FTU): Eit tilbod

for utviklingshemma, deira familie,

vener og støtteapparat.

«KLART DET GÅR»: Turar tilrettelagt

for personer med nedsatt syns-, hørsels-

eller rørsleevne. Alle som treng

å gå litt saktare, eller har behov for ei

hjelpande hand, er velkomen.

ANDRE AKTIVITETAR: Det finst ei

rekke andre aktivitetstilbod med lokale

namn.

HYTTER: DNT har fleire hytter som

er delvis tilrettelagt for personar med

funksjonsnedsetjing, samt fleire hytter

som er lett tilgjengelege med tog, bil

eller båt.

LES MEIR: dnt.no/dnt-tilrettelagt/

– Krykkene er liksom ein del av meg. Eg kjenner meg nesten litt naken utan dei.

I tillegg oppsøker ho ofte fart og adrenalin på stien med ein fulldempa elsykkel, som i endå større grad avlastar beinet.

Ho ser rundt seg.

– Det er ein så stor rikdom å få sitte her.

– Men det er jo ting eg saknar. Eg sit sjeldan og ser opp på fjelltoppar, eg tenker at eg ikkje treng noko meir enn å sitte her, men når eg blir sliten, kan eg bli skikkeleg trist. Eg saknar jo den luftige kjensla ein får på toppen av eit fjell.

Og eg og mannen min hadde ein draum om å drive gard, det blir litt vanskeleg.

– Eg prøvar å ikkje tenke for mykje på det. Ein blir litt forsona med korleis ting er, det er så mykje anna som er bra.

HELENE HADDE EIN AKTIV OPPVEKST på Stange i Innlandet, men blei introdusert for friluftslivet då ho flytta til Sogndal ei tid etter ulukka. Saftbygda mellom fjord og fjell.

– Det å kome til Sogndal betydde mykje, for det er så godt miljø her.

– Eg har vore ein person som er veldig redd, eg turte ikkje gå ut døra når det var mørkt ute, turte ikkje å vere ute åleine, men her møtte eg folk som tok meg med ut på tur. Eg var heldig som blei kjent med folk som driver med lågterskel friluftsliv.

LES OGSÅ: Et jobbintervju i Østmarka endret alt for Hanan Abdelrahman.

"Eg følte veldig at eg ikkje klarte nokon ting, eg kunne ikkje gå til postkassa. Så får eg kome ut, shit eg får til å lage eit bål, eg får til å sanke ved, lage mat ute, slike enkle ting – og det har fått meg til å få meir tru på meg sjølv igjen. Friluftslivet har gitt meg mestring."

Med jamne mellomrom skiftar Helene sittestilling. Bekreftar at jaudå, smertene er der. Dei er ein del av ho, kvar dag, heile tida. Ho legg ikkje skjul på at kvardagen inneber tøffe tak.

– Før eg fekk diagnosen, var det fleire gonger eg eller mannen ringte legevakta fordi eg var sikker på at eg reiv av akilles, om og om igjen. For så store smerter måtte jo kome av ein alvorleg skade, tenkte eg. Foten hovna opp, blei misfarga, og smertene var ekstreme rundt ankelen, der eg først fekk skaden.

To år gjekk frå dagen i skibakken til diagnosen blei stilt. Fram til då tenkte Helene at ho snart skulle bli frisk. For slik er det som regel. Først blir du skada, så blir du bra igjen. No er håpet at vitskapen og forskarar skal løyse gåta. I dag finst ikkje noko effektiv behandling.

TAKKA VERE MYKJE MENTALT ARBEID i frisk Vestlandsluft og hjelp frå psykolog, fortel Helene at ho, høva tatt i betraktning, er på ein god stad i livet.

– Eg meiner det er mykje betre å ha det bra psykisk og ha dårleg fysisk helse, enn å ha god fysisk helse og ha det dårleg psykisk.

Ho trur også at ho er fødd med «guts», som ho seier. Det er likevel ikkje sjølvsagt at ein har verktya til å finne vegen ut av det som fort kan bli eit stort mørke.

For Helene var gode vener viktige for å finne meistring i naturen. I det organiserte friluftslivet kan ho kjenne at ho fell litt mellom to stolar.

– For eksempel det å reise på båltur og lage mat. Slike ting er ofte for barn. Eg trur det er mange vaksne som ville hatt glede av å ha det som ein aktivitet ein kan melde seg på. Om du ikkje kan å lage bål, skal det mykje til for at du reiser ut og prøver åleine.

– Eg tør ikkje melde meg på ein DNT-tur, det blir for langt.

Ho kunne også tenke seg eit graderingssystem på ruter, kor det finst eit nivå som er endå meir tilgjengeleg enn dagens grønn/enkel.

<span class=" italic" data-lab-italic_desktop="italic">Hunden Louis set pris på eit avkjølande bad. Kulde og kaldt vatn hjelper også på smertene i foten til Helene.</span>
Hunden Louis set pris på eit avkjølande bad. Kulde og kaldt vatn hjelper også på smertene i foten til Helene.

GJENNOM INSTAGRAM-PROFILEN SIN fortel Helene om turar, tankar og tips. Ho har kome i kontakt med mange i liknande situasjon som ho sjølv.

– Det har vore godt for meg å dele. Eg har lyst til å inspirere til at ein kan ta i bruk naturen på tross av ulike fysiske føresetnader. Eg snakkar med vanvittig mange på Instagram, folk som sender melding. Og det betyr veldig mykje, litt fordi eg også får støtte i å høyre at det er andre som har det tøft, og vi kan backe kvarandre.

I starten syns ho det var skummelt å vise fram krykkene. Kva om folk såg ho på butikken på ein god dag utan krykker, og trudde at ho berre lata som.

– Men eg har lært meg med åra at det ikkje er noko å bry seg om.

Helene smiler og småpratar med Louis. Tar ein slurk av kaffien som har blitt kald.

– Det er så mange der ute som er litt i same båt som meg. Nokre har ein muskelsjukdom, eller dårlege bein, det er så mykje forskjellig. Det er ikkje så mange som profilerer seg sjølv i ein slik situasjon, det er jo sårbart. Eg er heldig sånn sett, som kan vere til inspirasjon på eit område kor det kanskje ikkje er så mange.

Tidlegare i år blei ho ambassadør for Norsk Friluftsliv.

– Eg hugsar eg tenkte at målet var å få eit bilde reposta av Norsk Friluftsliv, å få bli ambassadør er jo heilt vilt. Eg håpar eg kan bidra til å fremje lågterskel friluftsliv, sjå fleire folk på krykker i fjellet.