
TURSOMMER: Padleferie
Kajakkpadling er ein utruleg fin måte å koma nær naturen på, seier Svein Sætre i denne episoden av DNT sin podkast Tursommer.
Kystlinja i Norge er den nest lengste i verda etter Canada. Med null konkurranse frå utanlandske turistar har me alt dette for oss sjølve i sommar.

– Kajakkpadling er ein utruleg fin måte å koma nær naturen på, du sit bokstaveleg talt på vatnet. Og sidan du ikkje har motor lagar du heller ikkje noko støy, så du kan koma tett på dyrelivet, seier kajakkinstruktør Svein Sætre, som har padla i faravatn frå sør i Europa til Nord i Norge.
Sætre sit ved sjøkanten ved Sørenga i Oslo og snakkar om noko av det han likar aller best. Tida då han koblar av og dreier fokuset inn der han er. I ein kajakk, med ei åre til hjelp.
– Padling er trening, helse, avkobling, rekreasjon og utfordring, I tillegg til dette har du stillheita og det at det er naturvenleg.
Trygg avstand frå andre
Å padla er noko Svein helst gjer saman med andre. Han har blitt kjend med mange likesinna etter at han starta med padling. Det sosiale er noko av det beste, seier han. Ein tilleggsbonus i år, er at ein i kajakken held trygg avstand til andre.
– No som me alle skal vera i Norge i sommar så er havet, fjordane og vatna fine stader å koma seg ut på og oppleva. Dessuten er det lett å halda to meters avstand til andre, for kajakken er 5 meter lang og åra er 2 meter. Sånn sett er padling ein perfekt aktivitet i år!
Gå på kurs
For dei som aldri har padla tidlegare, har Sætre følgande råd:
– Ein må ha litt utstyr for å padla, men det som er fint er at det er fullt mogeleg å leiga fleire stader, ein må ikkje kjøpa. Men fyrst og fremst bør ein tenka på å ta kurs. Du må ha eit visst kunnskapsnivå før du legg ut på tur. Vatnet er eit element som kan vera farleg om du ikkje veit kva du gjer.
DNT arrangerer kajakk-kurs for ulike nivå i sommar. Her kan du sjå kor.
Sveins anbefalte kajakkturar i sommar
Hvaler
Her er stor variasjon og noko for alle, du finn både skjerma g åpent hav. Unikt naturreservat med eit rikt plante - og dyreliv og mogelegheit til å sjå sel. Ta hensyn! Fleire flotte fyr, som ein kan leiga via Oslo Friluftsråd. Forslag til langtur: Hvaler rundt med start på Kråkerøy.
Stort vassdrag med utruleg mange flotte stader. Lett tilgjengeleg for alle og stort sett skjerma. Mange flotte viker og øyer. Fleire opparbeideda leirplassar. Her kan du padla i dagesvis anten det er med kano eller kajakk.
Færder
Her kan du tilpassa turen etter vèr og nivå. Mange flotte øyer å campa på. For dei med litt meir erfaring, er Store Færder og Færder fyr flotte turmål om vèret er ok, men ikkje legg ut på tur dit åleine og vèr obs på skiftande vèr.
Rå natur og fantastisk dyreliv. Her er mange mogelegheiter for både røffare farvatn og bynære områder. Kva med å padla i kanalane ved Ålesund? Ei flott oppleving der du kan gå i land og eta is før turen går vidare.
Villmarkspadling i Lars Monsens sitt padleparadis. Mange flotte mogelgheiter for camping i gamle opne koier. Vèr obs på at Femunden kan vera noko vindutsett. Forslag til Langtur: Synnervika til Røros.
Eit unikt landskapsområde i Finnmark, med mange fjordar, fjell, sandstrender og holer. Yttersida er utsett og om ein har mindre efaring bør ein unngå denne.