Skal du på tur i fjellet i påska?
Då er sjansen stor for at du får hjelp av slike kvistar til å finne fram.
Kjell Løkken frå Vågå er ein av fleire frivillige som samlar kvist til vinterløypene.
Han brukar kring 80 timar på å gjere i stand 4000 kvist kvart år. Han har mista tellinga på kor mange år han har halde på.
«Du må ikkje skryte for mykje av meg,
eg likar ikkje det.»
- Kjell Løkken
Når vinteren kjem, fraktar frivillige frå Vågå Røde Kors Hjelpekorps kvistane inn i Jotunheimen.
Hjelpekorpset har spesiell løyve til å
køyre skuter i nasjonalparken.
For kvar 10-50 meter blir ein kvist stukke ned i snøen. Arbeidet skjer i fart.
I 1907 blei Glitterheim den første DNT-hytta som åpna for vintersesong. Kring 1920 fekk hyttene i fjellet tåkelurar og lanterner for å lose skigåarar trygt fram. Dei kvista løypene kom i 1924.
Mykje og tung snø gjer skuterkøyringa krevande, men det er viktig trening for framtidige redningsoppdrag.
Framme ved den sjølvbetjente hytta Olavsbu er det kjærkomen lunk i omnen. Slikt kan ein bli sigen av, men det står framleis arbeid att.
«I uvêr er kvistinga til stor hjelp for å finne fram. Kvistane går heller aldri tomme for straum.»
- Ulf Ryen, operativ leiar Vågå Røde Kors Hjelpekorps
Hugs at kvistane ikkje erstattar kart og kompass. Vit alltid kor du er.