HEFTIG: Med sine lysegrå og skura svaberg er det er noko Yosemite-aktig over fjella kring Himingsjå.
HEFTIG: Med sine lysegrå og skura svaberg er det er noko Yosemite-aktig over fjella kring Himingsjå.

Mellom haust og vinter

Ei historie om ei natt åleine under Himingen og eit uventa møte på utedoen.

Publisert   Sist oppdatert

– Kva tenkjer du på når eg seier Notodden? spurte eg sambuaren min ein kveld.
– Traktor, kjem det kontant, før han legg til:
– Eg veit eigentleg ikkje kor Notodden er.
– Nja, rånebilar er nok meir riktig, kan ein kollega frå Kongsberg fortelje.
– Men så har du Lifjell, då.

Har du ikkje høyrt om Lifjell? Då er du ikkje åleine. Men du har sikkert høyrt om Lifjell sine gode naboar Blefjell og Gaustatoppen. Og Skrim. Kvifor Lifjell har drukna litt er ikkje så godt å seie. Kanskje fordi det ikkje har vore nokre DNT-hytter i området. Det har Notodden Turlag gjort noko med. I 2017 blei Himingsjå reist, berre 15 minuttar gange frå næraste parkering. Langt nok til å kome vekk frå kvardagen, kort nok til å angre om natta skulle bli for mørk.

For det er nemleg mi bekymring, å vere heilt åleine ei natt på ei stor hytte, ein stad mellom haust og vinter. Du veit dette smale vindauget kor frosten bankar på, men ikkje heilt får rotfeste. Og kor vinden bles med kalde drag som minner om vinteren i fjor. Det er på denne tida turlivet har ein tendens til å gå litt i dvale og ein får DNT-hyttene for seg sjølv.

RO: Her skulle eg hatt kontor, tenker eg. Sjølv om øyrene står på stilk for å lytte etter gale øksemordarar, finn eg ein slags uventa, men høgst velkomen ro på Himingsjå.
RO: Her skulle eg hatt kontor, tenker eg. Sjølv om øyrene står på stilk for å lytte etter gale øksemordarar, finn eg ein slags uventa, men høgst velkomen ro på Himingsjå.

Det luktar godt av nytt treverk inne i hytta. Eg legg frå meg sekken på eit av firemannsromma og tuslar inn i den store stova. Der ute står Himingen, ein av tre toppar som omkransar hytta. Det er kanskje ei heftig samanlikning, men med sine lysegrå og skura svaberg er det er noko Yosemite-aktig over dette fjellet som reiser seg stødig over landskapet. Eg er kresen på fjell, som vestlendingen eg er. For eit par år sidan stod eg på Store Ble og kjende meg skuffa, men dette er fjell etter min smak. Men fjellturen må vente til i morgon, då dagen snart tappast for lys.

SMILANDE: Eit trivelig smil fra kongehuset på utedoen.
SMILANDE: Eit trivelig smil fra kongehuset på utedoen.

Eg lagar meg kjøttbollar i pastasaus og drikk Fanta. Underheld meg sjølv med gamle årbøker. Og sjølv om øyrene står på stilk for å lytte etter gale øksemordarar, finn eg ein slags uventa, men høgst velkomen ro. Eller kanskje det er fokus. Her skulle eg hatt kontor, tenker eg.

Og så skjer det uunngåelege. Eg må på do. Og doen er ute i vedbua.

Om nokon har lyst til å gjere skade, er det strengt tatt perfekt å gøyme seg der ute. Mørke krokar og ingen stader å flykte.

Eg slår på lommelykta på mobilen. Ta deg saman, tenker eg. Prøver å gå roleg og sjølvsikkert, før eg halvfebrilsk lyser rundt meg inne i bua. Finn døra til doen og låser meg inn. Set meg ned og gjer det eg skal gjere.

Himingsjå

Ubetjent hytte med 50 sengeplassar på Lifjell i Telemark. Ligg på ei lita høgde i sørenden av Pråmtjønn, omkransa av Himingen, Slettefjell og Rognlifjell. Lettaste åtkomst er ein avstikkar frå E134 i Heddal, inn på Gavlesjåvegen, kor du køyrer i ca. 12 km til stor parkeringsplass ved Myregvarv.
Les mer om Himmingsjå

Og det er no eg må le. Ja, le. For idet lysstrima frå mobilen treff veggen framfor meg, ser eg to smilande ansikt.
Det er Kong Harald og Dronning Sonja.
Åh, det var faktisk akkurat det eg trengte no. Eit triveleg smil frå kongehuset. Takk.

Litt lettare til sinns finn eg fram nye årbøker, et safarikjeks og Sørlandschips. Drikk meir Fanta.
Det knitrar svakt i omnen. Skulle ynskje eg kunne høyre på knitringa heile natta. For det er no den verkelege prøva står for tur. Kampen mellom meg og hjernen min idet eg skal prøve å sove.
Eg legg meg i den øvste køyesenga, det kjennes mest trygt. Og deretter går alt sin typiske gang:
Tenkjer på alt eg ikkje må tenkje på.
Angrar på alle skrekkfilmane eg har sett.
Prøver å distrahere tankane ved å synge «Aquarius» frå musikalen Hair inni meg (ikkje spør kvifor).
Pakkar lakenposen og dyna tett rundt hovudet for å redusere høyrselen og formanar: SOV!
Eg opnar augene og konstaterer at eg er i live. Det er alltid positivt. Har vage minner om utrivelege draumar og vakne minutt, men ingen større dramatikk. Det er lyst.
Kongeparet smiler til meg på do.
Himingen lokkar i tåka.
Det er i grunn heilt ok å vakne åleine på Lifjell. Ein stad mellom haust og vinter.

Det nye lavterskelfjellet

– Vi ville bygge ei hytte nære parkering, slik at barnefamiliar, skuleklassar og barnehagar kan bruke hytta som ein stad å vere. For andre kan den fungere som base for lengre turar, fortel Ottar Kaasa som er initiativtakar for Himingsjå og tidlegare styreleiar i Notodden Turlag.

Med kort veg og god plass håpar han hytta kan bidra til å skape eit lett tilgjengeleg og inkluderande turmiljø rundt Himingsjå.

– Lifjell skal bli det nye lavterskelfjellet i Noreg, det er vårt mål. Vi skal gje eit tilbod til alle, uavhengig av form, økonomi, legning eller religion, friluftsliv skal vere ein felles aktivitet.

Draumen er å opprette eit hyttenettverk med eit par timar gåavstand mellom hyttene. Det er danna eit interimstyre, som består av grunneigarar, hytteforeiningar, frittståande turlag og DNT, som arbeider for samordna løysingar og mål for å utvikle Lifjell som friluftsområde. Gjennom Lifjellsamarbeidet har DNT Telemark etablert DNT-avtaler med dei to privateigde hyttene Hollane og Lifjellstua.