POPULÆR TOPP: På vei opp til Festvågtinden ved Henningsvær.
POPULÆR TOPP: På vei opp til Festvågtinden ved Henningsvær.

TURSOMMER: Lofoten

Du kan ikkje besøka Lofoten utan å bli berørt, seier Kristin Folsland Olsen. Drammensaren har budd i Lofoten i 20 år, og i podkasten Tursommer deler ho sine beste tips.

Publisert   Sist oppdatert

Kjærleikshistoria om Kristin og Lofoten starta tilfeldig. Mora tipsa ho om kor vakkert det var der, og etter å ha testa øygruppa ut eitt år på folkehøgskule i Svolvær, var det ikkje mogeleg å halda seg vekke. Dei neste ti åra budde drammensaren Kristin i Lofoten i sommarsesongen, før ho gradvis utvida tida si der og til slutt flytta permanent til Henningsvær for ti år sidan.

Eg vart meir og meir hekta jo bedre kjent eg vart. Eg hadde ikkje funne ein finare stad i verda, så då kunne eg likså godt bli i Lofoten, fortel Kristin i denne vekas episode av podkasten Tursommer.

TURSOMMER

  • Tursommer er en podkast laget av DNT. Den er iilgjengelig alle steder du vanligvis hører podkast, og det kommer nye episoder hver torsdag mellom mai og juli.
  • Episoden om skjulte perler,. hører du her
  • Episoden om kajakkturer i Norge, hører du her.
  • Episoden om sykkelturer i Norge, hører du her
  • Episoden med tips om baseferie i Norge, hører du her.
  • Arne Hjeltnes sine turtips finner du her.

Ein eigen energi

Kristin bur i Henningsvær på sørspissen av Austvågøya i Lofoten. Heningsvær er eit fiskevær med rundt 550 fastbuande. Herfrå jobbar Kristin som frilansfotograf og som journalist i Fjell og Vidde, medlemsmagasinet til DNT, og UT.no. I tillegg har ho skrive turbok om fjella i Lofoten.

–Lofoten har
ein heilt eigen energi, fortel Folsland Olsen og legg til:

– Det er ei utruleg sterk kraft der. Du har dei kvite strendene, fjella som reiser seg opp frå havet. Irrgrøne fjellsider, markblomar som er endå meir fargesterke enn det ein er van til å sjå fordi vekstsesongen er så kort.

Kva meiner du med energi?

– Det er litt vanskeleg å forklara, men det eg kan merka er at eg kan bli litt sliten fordi eg vil så mykje, spesielt no om sommaren med midnattsola. Ein vil gå fjellturar, bada, klatra, sykla og så vil ein padla kajakk. Ein vil meir og meir, det er aldri stopp i kva du kan gjera.

SOMMERLYKKE: I Lofoten finn du fleire kritthvite strender.
SOMMERLYKKE: I Lofoten finn du fleire kritthvite strender.

Natur som går rett i hjartet

Men energien i Lofoten er ikkje berre av den travle sorten. Også den sterke roen finn ein overalt.

– No høyres det jo ut som Lofoten er ein hektisk adrenalinplass, men det er det absolutt ikkje. Her finn du også ei sterk ro. Du kan gå ut på en liten holme, ein høgde eller ei strand, og då kjenner du på den sterke naturkrafta som er her. Lofoten er ekte natur som går rett i hjartet på folk.

Kristin sine tips til turar i Lofoten:

Lofotenekspert Kristin Folsland Olsen er gjest i DNT sin podkast Tursommer.
  • Skrova: Er ei øy utanfor Svolvær - Lofotens Hawaii! Nydelege kvite sandstrender. Skrovafjellet er ein lettgått tur, fin for barn og det gjev deg ein rå utsikt mot Lofotveggen. Tilbake i havna kan du kjøpa is eller ta deg eit bad. Båtturen ut er ein bonus i seg sjølv
  • Svolvær: Lofotens “hovedstad” - bynær fjelltur til Fløya, Svolværgeita eller Djevelporten. Spektakulær utsikt frå alle stader. Her går du på ei sherpatrapp deler av turen. Svolværgeita kan anten ein gå til foten av, eller klatra opp på sjølve geita. Dette må ein ha guide til om ein ikkje har kompetanse på klatring sjølv.
  • Gimsøya: Her kan du gå til Hoven. Lettgått tur, nokre bratte parti. Merka sti. Fin for born. Flott stad å gå om kvelden, der får du midnattsola inn frå nord. Rett i nærheita er det også golfbane og du kan ri på islandshest.
  • Henningsvær: Lofotens mest kjende fiskevær. Her kan du padla i havna eller ut til øyene like ved. Festvågtind er ein flott tur som gjev ein formidabel utsikt. Besøk Kaviarfabrikken, ein kunsthall som viser kunst i verdsklasse.
  • Vestvågøy: her finn du mildare fjell som det er lettare å gå i med meir ryggar og åsar. Himmeltind er den høgste toppen i Vestvågøy, men lettgått. God sti og nydeleg utsikt over Hauklandstranda og Uttakleiv. Om du er dårleg til beins kan du gå den gamle vegen mellom Haukland og Uttakleiv, ein fin spasertur frå strand til strand.

Hugs også dette i Lofoten

  • Ta deg god tid. Vèret er uforutsigbart. Du veit ikkje om det regnar ti dagar i strekk eller om det er sol i tre veker. Har du meir tid, har du også mogelegheit til å legga fjellturane til dagane veret er godt.
  • Finn roen, lag deg ein base ved å bu eit par stader heller enn å flytta rundt på ulike stader kvar natt.
  • Lofoten er sårbar. Ta hensyn til naturen, dyra og dei som bur der. Gjer ditt for å ta vare på staden slik at den er like vakker for den neste som kjem på besøk.