Hør podkasten Tursommer - og oppdag nye stier. Foto: Marius Dalsegg Sætre
Hør podkasten Tursommer - og oppdag nye stier. Foto: Marius Dalsegg Sætre

Ny podkast for anleis-sommaren

Arne Hjeltnes deler sine beste tips for Norgesferien i fyrste episode av DNTs nye podcast Tursommer - med tips for anleis-sommaren 2020.

Publisert   Sist oppdatert

Ein av fordelane med årets sommar, er at vala vert ferre. Utlandet konkurrerer ikkje lenger om tida vår og me kan konsentrera oss om å sjå etter gullet her heime. For det er mykje å ta av.Difor inviterer me gjestar med på tur for å snakka om Norge som ferieland i DNT sin nye podcast "Tursommer". Tursommer er full av inspirerande tips – for deg som vil gå i fjellet, oppdaga nye stiar, sykla, padla kajakk eller overnatta på unike stader. Kvar torsdag kjem ein ny episode ut.

TURSOMMER

  • Tursommer er laget av DNT
  • Tilgjengelig alle steder du vanligvis hører podkast
  • Nye episoder hver torsdag fram til juli

– Ingen straff å feriera i Norge

Fyrste gjest ut er Arne Hjeltnes. Hjeltnes har tatt med seg alt frå Aksel Lund Svindal til Dronning Sonja på tur som programleiar for TV 2 - programmet Gutta på tur. Etter to tiår med opptak landet rundt, kjenner han Noreg betre enn dei fleste. Han har også, kvart år dei siste 15 åra, besøkt kvart fylke, og han manglar 10 kommunar før han har besøkt alle kommunane i landet.

– Kva er dine beste tips til dei som har avlyst sin utanlandsferie og no må feriera i eige land?

– Det er på ingen måte ein straff å måtte feriera i eige land, tvert i mot! Det er fantastisk å få lov til å oppleva sitt eige land. Og det som er unikt er at me bur i eit land der naturen er veldig nær. Det må ikkje vera den eine store turen som skal vera det einaste du gjer. I nærområda er det mange spennande ting ein kan gjera. Det viktigaste å hugpsa på er at det fins ei oppleving i Norge for alle, uansett form og lommebok, seier Hjeltnes.

– This is priceless!

Hjeltnes fortel at fråfallet av utanlandske turistar gjer sitt til at det vert mindre press på enkelte område og dermed betre plass til oss som alt bur her. Han trekkjer fram Finnmark som særleg eksotisk og eit område han stadig reiser attende til.

– Kirkenes i Finnmark er veldig prega av at det ligg på grensa til Russland. Her ser du russiske gateskilt og du får ta del i ein spennande mulitkultur med historiske røter. Om Hurtigruta no byrjar å gå er det stas å kunne hoppa av og på desse plassane.

Ein av dei beste turane han har gått med familien, er i Jotunheimen. Frå Bygdin tek ein båten til Torfinnsbu, går over til Gjendebu og attende til Gjendesheim. Eitt år hadde han med seg ein kollega frå Hong Kong på denne turen:

– Han hadde budd på dei flottaste hotella i Asia, og kom fram til Gjendebu, budde på 8-mannsrom med ungane i lakenpose,fekk heimelaga mat og ein kald pils og så sa han: This is priceless! Så det treng ikkje vera dyrt, det treng ikkje vera vanskeleg, me har alle kategoriar i Norge.

Tursommer er laga i samarbeid med DNTs turpartner Vy. På vy.no finn du både tog- og ekspressbussbillettar til ei rekkje stader i landet, og med dei nye, fleksible togbillettene kan du enkelt endra reisa di. Bergensbanen, som vert køyrd av Vy, er kåra til ein av dei ti flottaste togturane i verda av Lonely Planet. Dersom du vil oppleva Bergensbanen i sommar - i tråd med reiseråda frå myndigheitene - kan du gå inn på vy.no for å lesa meir.c