
TURSOMMER: Fjellet er ope
I sesongens siste episode av podkasten Tursommer ynskjer hyttevert John Nilsen på Stranddalshytta i Ryfylke velkomen til fjells.
– Come on, come in! John Anton Nilsen, vekas gjest i podkasten Tursommer, kjem mot meg frå kjøkenet der han førebur lunsj til gjestene.
Eg har gått i tre timar i sommarsol for å koma til Stavanger Turistforenings Stranddalshytta, i Suldalsheiene, Ryfylke. Eg har vandra langs stille vatn, over snøfenner og forbi tallause T-ar. Vel framme kjenner eg meg umiddelbart heime. Fire raude bygg i tre, med torv og solceller på taket ynskjer meg varmt velkomen. Stolar med saueskinn står klar i solveggen og lappar og bollar vert servert når eg har fått av meg fjellskoa.
Knekte friluftskoden
John Anton er fersk som bestyrar i DNT-samanheng etter eitt år på hytta, kalla “perla i Ryfylke”. Frå mai til september bur han 1000 moh og servar fjellfolket. Han som aldri hadde gått ein fjelltur og som heller ikkje forsto andre sin fascinasjon for det.
– Eg såg annonsen og eg tenkte at det såg kjekt ut. Eg har vore i hotellbransjen heile livet, men eg er ein byas (red.bygut) og eg har aldri interessert meg for å gå i fjellet. Eg visste ikkje kva fjellsko var, og eg kunne ha tredd ein søppelsekk på ryggen til sekk. Eg var på det nivået. På intervjuet vart eg spurd om mineforventningar til det å vera vertskap. Eg svarte at eg ikkje rekna med å ha tid til å springa i fjellet. Det eg ville, var å ta vare på alle gjestene. Det er det som er mi greie. Men no har eg blitt glad i fjellet og eg synes det er kult å gå fjellturar.

Kva har skjedd?
– Det er ein kode som er knekt. Eg hadde aldri trudd eg skulle springa rundt som ei geit her oppe når eg har litt fri, eller at eg og sambuaren min skulle reisa på teltturar. Famile og vener forstår ikkje kva som har skjedd og har vanskeleg for å tru på det. Men for meg er det fantastisk!
Vid stillingsbeskrivelse
Arbeidsdagen tek til klokka 06.00 med førebuing av frukost. Vidare fortset det med utsjekk og farvel til gjester, utvask av rom, lunsjlaging og servering. Fyrst rundt midnatt legg han seg. Det går i eitt og er ingen latmannsjobb, men tempoet passar John godt:
- Det er ikkje den ting eg ikkje gjer. Eg må vita alle funksjonar i bygget. Normalt har eg ti tommeltottar, men eg klarer meg likevel her. Me må gjera alt frå å staka litt i “djupaholet” som me kaller det - utedoen for å få plass, vaska ut doane, me skal koka på kjøkkenet, reia opp senger, ta bestillingar, visa veg og gje turtips, og det kjekkaste - å ta i mot gjester med det norske flagget, og å vinka farvel. Døgnet skulle hatt nokon timar til, fortel han.
Kom, men bestill fyrst
For fyrste gong på 152 år må alle som skal sova på DNT-hytte bestilla plass. Bestilling er eit av smitteverntiltaka alle hytter har iverksett for å sikra ei oversikt over kven som til ei kvar tid bur på hyttene og 1 meter - regelen. bestilla plass, må du ta ansvar for di eiga sikkerheit ved å ha med telt.
- Me følger strenge smittevernreglar for å sikra at det er trygt for gjestene. Fellesareala vert vaska minst tre gonger om dagen, og sprit står framme både inne og ute. Toalett vert tildelt, mat vert servert ved borda og hytta har eit makstal på gjeste Det ser kanskje litt dumt ut når me går med gummihanskar når me serverer mat ved borda, men det gjer me for å halda smitte så langt vekke som me kan.
Den finaste DNT-hytta i Norge?
DNTs medlemsblad Fjell og Vidde kårer i sommar den finaste DNT-hytta i landet. Mange hundre nominasjoner har blitt foreslått av folket og no har juryen plukka ut 30 finalistar. Stranddalen er ei av dei og John Anton håper på di stemme.
- Strandalen er meir enn berre ei hytta. For det fyrste er det eit supert utgangspunkt for turar i alle vanskegarder. I tillegg kan ein ro, fiska, padla i kano, spela frisbeegolf og dart. Og er det dårleg vèr er eg bingovert, der det kun er dei yngste gjestene som får premie. Det betyr mykje for oss at me vert stemt fram! seier John.
Her kan du stemma fram til 1. august.
