TURSOMMER:
Gå for baseferie i sommar

Bruk fleire dagar på samme stad for å oppleva meir, er eit av råda i DNTs podkast Tursommer.

Publisert Sist oppdatert

Det som har slått meg kvar gong eg er ute på tur er at når du fyrst kjem til ein stad og du har vore der ein dag eller to, så tenker ein: åh, her skulle eg ha vore litt lenger. For det er når ein møter og pratar med folk at ein får dei tipsa om alt ein burde gjera. Som å gå til den spesielle fjelltoppen, besøka gardsbutikken med den gode osten eller kva stad ein burde reist for å padla.

Det seier Christine Baglo, redaktør i Visit Norway. Ho har tatt for seg Norge bit for bit saman med familien i ei årrekkje, og den tilbakevendande aha-opplevinga gjorde at ho til slutt innførte baseferie. Det vil seia å sjå seg ut ein stad eller område, og bli der. Å kutta ned på reisinga til fordel for å bli i eit område ei stund, og ta seg tid til å s og oppdaga.

Reis mindre, opplev meir

Det er vinn-vinn ved å halda seg til eitt område. Ein sparar miljøet ved færre transportetappar, ein hindrar potensiell smittespreiing og ein får meir tid. Og det er vel det ferie handlar om – å ha tida til å oppleva noko anna enn det daglege og rutinen?

TURSOMMER

  • Tursommer er laget av DNT
  • Tilgjengelig alle steder du vanligvis hører podkast
  • Ny episoder hver torsdag

Fjelltoppen Molden i Sogn er eit av de finaste turmåla ein kan gå til. Og i området, i Veitastrond i Breheimen, har DNT bygd hytta Tungestølen, teikna av Snøhetta. Denne er eit utruleg fint utgangspunkt for baseferie i sommar, sier Trygve Sunde Kolderup, redaktør i DNTs medlemsmagasin Fjell og Vidde.

I tillegg så har du Jostedalen som går inn til Nigardsberen. Her kan du bli med på blåisvandring oppe på breen og padla inn til et vatn der det ser ut som nokon har helt ut halve grønnmålinga i Jotun målingsfabrikk i vatnet. Det er helt fantastisk, fortel Christine Baglo.

Optimal baselengde

Christine Baglo anbefaler å bruke mellom ei til to veker på ein stad. Om ein i tillegg planlegg og undersøker i forkant får ein veldig mykje meir ut av ferien.

I Nordland fins det noko som heiter Travel Pass Nordland, som gjer at du kan reisamykje som du vil i ei veke med buss eller hurtigbåt. Å definera Helgeland som ein base og driva med øyhopping der, er utruleg fint, tipsar Trygve Sunde Kolderup.

bestilla på forhånd

Koronautbrotet preger heile verda og sommarferien heime i Norge vil bli anleis enn det me er vane til. Skal du på ei DNT-hytte du bestilla i forkant.

Vanlegvis har det vore slik at hyttene er opne for alle, men det vert ikkje slik i sommar. I år må alle bestilla plass før ein kjem til hytta, og det handler rett og slett om at me ha kontroll over kor mange som bur på hyttene og at det er nok avstand mellom gjestene, seier Kolderup.

Nokre ferietips frå Tursommer:

Iungsdalen
Midt mellom Jotunheimen og Hardangervidda, nord for Hallingskarvet, ligg den idylliske, betjente DNT-hytta
Iungsdalen. Her er det seterdrift, barnevennlig turterreng og badevatn for dei tøffaste. Her er det duka for lange innhaldsrike dagar langt fra storbylivet. Ei ekte perle for barnefamiliar!

Telemark
Ta turen til Lårdalsstigen - “Vesle Besseggen” - i Dalen. Nyt Afternoon-tea på Dalen hotel - sjekk ut Soria Moria-badstova. Opplev Telemarkskanalen. Kjem du frå Østlandet kan du stoppa i Gvarv i Telemark og der kan du bu i vintønne, drikka ekte, norsk vin, og nedden kulaste gådspuben og ølutsalet Kompani Lindheim. På den andre sida av vegen får du eplemost som er blant dei beste i NorgeNyhus Gaard.

Glitterheim
Ligg
1400-meter nordaust i Jotunheimen med nokre av dei flottaste omgjevnadane i Jotunheimen utanfor hyttedøra. Glittertind er eitt av mange turmål ein kan å til frå hytta Glitterheim. Her kan du leiga akebrett og gle deg over nedkøyring i snøen frå toppen.

Senja
La
utsikten fra toppen av Segla ta pusten fra deg og nyt vakre Ersfjordstranda. Sør-Senja er litt utanfor turistruta, der du kan velga i fine turer i ro og fred. Du kan også ta ferja ned til kvalsafari på Andenes i Vesterålen.

Lyngør og Torungen Fyr
Her får du skikkelig sørlandsidyll
utan å vera milllionær eller ha eiga hytte. Store Torungen er fyrvokterboligen og annekset innreia som en turisthytte. Dette er DNT–hytter du kan bestilla i forkant og bu på i sommar.

Hardanger
...e
r langt meir enn Trolltunga! Sjekk ut Munketreppane i Lofthus og ta deg vidare gjennom Dronning Sonja si panoramarute Dronningstien, Fossestien i Kinsarvik, smak på eplemost og sider i Ulvik, legg turen inn til Buarbreen eller Bondhusvatnet.

Vesterålen
Her er stikkord
Nyksund og Dronningruta, men òg fantastiske Måtinden på Andøya.
Om du reiser ut til det vesle fiskeværet i Hovden i Vesterålen finn du ein koseleg overnattingsstad med mogelegheit for å glamping.

Vinn hytteovernatting

Bli med og bestem kva som er den finaste DNT-hytta i Norge og vinn hytteovernattingar.

Powered by Labrador CMS