TURSOMMER: Norge på hjul

Sykkelferie i Norge er billig, miljøvenleg og ein av dei beste måtane å bli kjend i Norge på.

Publisert   Sist oppdatert

Gjesten i podkasten Tursommer, Øyvind Wold, har sykla Norge på kryss og tvers og fortel at sjølv i dei mest folkerike områda i landet er det mogeleg å finna fredelege og bilfrie sykkelområde.

– Grensene sit mellom øyrene dine. Du bestemmer sjølv kva du er klar for. Eg trur mange vil oppdaga at dersom ein fyrst får hjula i gang, så er det kjekt, og ein vert heller ikkje særleg sliten. Det seier Øyvind Wold, pasjonert kvardags - og feriesyklist og tilsett i Syklistforbundet.

Passar for alle

Sykling er både framkomstmiddel og lågterskelaktivitet med stor L, ifylgje Wold.

– Dersom ein har normal helse, så kan alle sykla – ein dag, ei veke, ein månad. Det er berre å tilpassa farten og kosa seg. Dei nye el-syklane har etterkvart blitt veldig bra, og har lang rekkevidde. Då kan folk som anten er sjuke, vondt i knea eller har bikka 70 – 75 også koma seg på lange sykkelturar, og opp lange motbakkar utan noko særleg trøbbel. Det er stilig!

– Treninga tek du undervegs

Øyvind får ofte spørsmål om kor mykje ein bør trena før ein sykkelferie. Han meiner ein heller bør fokusera på sjølve sykkelen.

TURSOMMER

  • Tursommer er en podkast laget av DNT
  • Tilgjengelig alle steder du vanligvis hører podkast
  • Nye episoder hver torsdag mellom mai og juli
  • Episoden med tips om baseferie i Norge, hører du her.
  • Arne Hjeltnes sine turtips finner du her.

– Det viktigaste er å gå over den i forkant eller få nokon andre til å gjera det. Er bremseklossane i god stand, er dekka i ferd med å bli utslitt? Fungerer gira på sykkelen og sit du godt? Ta den gjerne inn på verkstad. Det kostar kanskje 500 eller 1000 kroner, men då får du ein sykkel som du kan ha glede av i tusenvis av kilometer. Treninga tek du undervegs, du kjem i god form anten du vil eller ikkje!

Men er det ikkje smart å ta seg nokre korte rundar før turen?

– Jo, absolutt. Det er alltid ein fordel, men om du tenkjer at du må trena, “eg må ha 1000 km på førehand før turen”, så blir det kanskje ikkje til at du reiser på tur, fordi du ikkje har sykla dei 1000 km. Så kvifor ikkje reisa på tur uansett, planlegg heller litt kortare turar, så vil det heilt sikkert gå bra.

Krever lite utstyr

Dei fleste som er normalt turinteressert vil alt ha det meste av det dei treng til ein sykkelferie.

–Du treng regnkle, vindkle, ullklede, vottar, hue. Om du aldri har sykla lagt før og skal kjøpa noko i tillegg, anbefaler eg sykkelshorts med padding, altså pute i rompa. Den gjer at du kan sitja lenger på setet før det eventuelt byrjar å gjere vondt.

Her planlegg du turen:

· Syklistforeningen.no Eiga fane for turar. Hovudvekt på lette og barnevennlige.

· UT.no. Turforslag med blant anna høgdeprofil og distanse. Nyttig og konkret.

· Sykkelstien.info

Du får plass to store vesker på eit vanleg bagasjebrett. Er du god til å pakka klarer å få med alt du treng på ein overnattingstur i desse.

Om du vil bruka litt litt meir pengar, anbefaler Wold dette:

· Kortfingra sykkelhanskar. Desse beskyttar både mot støyt og vibrasjon og dei varmer.

· Sykkelbriller beskyttar mot støv, insekt, sol og regn. Dette er ikkje veldig dyrt, men gjev komfort og trivsel på turen.

· Om du vil ha med meir bagasje, er det ikkje vanskeleg å få tak i bagasjehengar. Her kan du få med opptil 30 – 40 kg. (men tenk på om du vil og orkar å dra på så mykje.)

Topp tre familieturar:

1. Kystruta gjennom Vestfold fra Horten til Larvik – ein av dei finaste i Norge. Nesten heilt flat, overkommelege dagsetappar. Rundt 25 km kvar dag. Mykje av ruta går på bilfrie vegar. Borreskogen med vikinggraver og spennande historie. Flotte badestader.

2. Finse mot Haugastøl: Motsett av den vanlege Rallarvegruta. 29 km med slake nedoverbakkar, totalt bilfritt. Vinnartur for å få barna til å bli glad i sykling.

3. Start frå Hamar og vidare nordover langs Mjøstråkk langs vannkanten av Mjøsa. Snill tur.

Topp tre turar uten barn

1. Nummedalsruta frå Larvik til Geilo. Variert og vakkert kulturlandskap. Lettkupert, men ikkje krevande. Fleire strekk er heilt flate. Siste bit mot Geilo er meir kupert, men då kan ein evt. gå av sykkelen i dei tyngste motbakkane.

2. Langs Telemarkskanalen: Ta rutebåten fra Skien og inn til Dalen . Du sykler langs kanalen tilbake. Dette er ein del av Norge som ikkje alle nordmenn er så godt kjend i. Lite trafikkert og tøff natur.

3. Fra Røros til Foldal: Ta toget til Røros. Herfrå syklar du sørover til Folldal og Grimsdalen. Nydeleg natur, lettkupert terreng, vegane er i praksis bilfrie. Grimsdalen er ei av dei lengste seterdalane i Norge, med mykje dyr på beite. I enden ventar betjente Grimsdalshytta med bakverk og kald drikke.