TURSOMMER: Skjulte perler

Vekas episode av podkasten Tursommer gir deg tipsene du treng for å gå utanfor allfarveg i sommar.

Publisert Sist oppdatert

Fjell og Vidde sin journalist Julie Maske lærte tidleg å søka seg vekk frå dei stiane mange går. Som vaksen utforskar ho stadig nye område på kartet. I vekas episode av DNT sin podkast Tursommer oppfordrer ho deg til å gjera det samme.

Foreldra mine var veldig nysgjerrige. Me hadde ein buss som me køyrde rundt med i feriane. Ein kvar busstur frå A til B vart ofte ein tur innom heile alfabetet. Me stoppa ofte for å testa ut stader som me syntes var interessante. Dette likte eg veldig godt , og det gjer eg framleis.

åleine nesten kvar som helst

Julie Maske karakteriserer seg sjølv som ein oppdagar, som elskar å utforska. Eventyret startar ved dørstokken og det beste ho veit er å gå inn på ein sti eller område ho ikkje kjenner.

Du kan til dømes bruka ei veke kvart år på å oppdaga ein ny stad. Ta for deg norgeskartet. Område du ikkje kjenner markerer du med kvitt. Du vert truleg overraska over kor mange stader du ikkje kjenner. Ta sjansen og opplev kor fint det er.

Tursommer

  • Tursommer er en podkast laget av DNT
  • Tilgjengelig alle steder du vanligvis hører podkast
  • Nye episoder hver torsdag mellom mai og juli
  • Episoden om kajakkturer i Norge, hører du her.
  • Episoden om sykkelturer i Norge, hører du her
  • Episoden med tips om baseferie i Norge, hører du her.
  • Arne Hjeltnes sine turtips finner du her.

Kvar er det størst mogelegheit for å vera for seg sjølv på tur?

I utgangspunktet kan du gå for deg sjølv nesten kvar som helst, også i Rondane og Joutunheimen. Men dersom du vel å ta inn på dei største og mest populære hyttene som Rondvassbu, Gjendesheim eller Gjendebu vil du få mykje selskap. Start heller turen din frå Tomashelleren i Jotunheimen eller Grimsdalshytta nord i Rondane. Når det er sagt kan du også få dei aller største hyttene for deg sjølv, om du reiser dit utanfor sesong eller i midtveke, seier Maske.

Eit anna råd er å leggje turen til dei mindre omtalte fjellområda. Reinheimen, Trollheimen, Sylan, Ryfylkeheiane eller Setesdalsheiane. Her er det mange turmål, godt med plass og mye uberørt natur.

Går du utanfor allfarveg i sommar?
Hugs kart og kompass
! Treng du ei oppfrisking? Ta vårt nye digitale navigeringskurs her.

7 utvalde tips:

  • Reis frå skumringen til lyset med nattoget fra Trondheim til Bødø. Midnattsola gjer at du kan gå på tur døgnet rundt. Gå til Lurfjellhytta under Børvasstindan i Bodø kommune.
  • Gå fra Jakobsbakken til Tjoarvihytta, nedover til Balvasshytta forbi Argalad til Trygvebu. Her kjem du inn i nasjonalparken Junkerdalen, som er nasjonalpark mellom anna på grunn av den rike botanikken.
  • Gå fra Dindalshytta til Åmotdalshytta på Dovrefjell. Her unngår du dei som går fra Snøheim til Snøhetta.
  • Fjordruta på Nordmøre. Et unikt stykke Norge i eit nydeleg fjellområde. Hyttene ligg i eit opent landskap sjølvom det ikkje er veldig høgt over havet. Det gjer deg kjensla av ein vid horisont og ein høg himmel.
  • Ein fottur gjennom Sylan i Midt-Norge gir deg høg himmel og møte med trivelege trønderar, og opphaldtradisjonrike hytter, som Storerikvollen, Nedalshytta og Schultzhytta.
  • Ein av dei finaste turane i Norge? Gå fra Kårvatn til Innerdalen.
Nedalshytta ligger fint til innunder Sylmassivet
Nedalshytta ligger fint til innunder Sylmassivet